Avon River i Canterbury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avon River
Ōtakaro (māori)
Båthus ved Avon River
Båthus ved Avon River
Utspring Avonhead
Munning Pegasus Bay via Avon Heathcote-estuaret
- Høgd 0 m
Land i nedslagsfelt New Zealand New Zealand
Lengd 14 km
Renn gjennom Christchurch

Elva Avon River renn gjennom sentrum av byen ChristchurchNew Zealand, og ut i eit estuar som ho deler med Heathcote River, Avon Heathcote-estuaret.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Geologisk er denne elva, som dei fleste av elvene på Sørøya, svært ung. Avon (i sitt noverande elveløp) kan daterast frå den siste istida på New Zealand.

Elveløp[endre | endre wikiteksten]

Avon følgjer eit svingete løp gjennom Christchurch frå utløpet sitt i den ytre vestlege forstaden Avonhead, gjennom Ilam, Riccarton og Fendalton, deretter gjennom Hagley Park og det sentrale forretningsstrøket i Christchurch (CBD).

Aust for CBD renn elva gjennom Avonside, Dallington, Avondale og Aranui, og ho renn til slutt ut i Stillehavet gjennom Avon Heathcote-estuaret (māorispråk: Te Wahapū)[1] nær Sumner.

Namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Avon River var kjend blant māorifolket som Ōtākaro[2] eller Putare Kamutu[3]). Organisasjonen Canterbury Association hadde tenkt å kalla henne Shakespere [sic].[4]. Elva fekk sitt noverande namn av John Deans i 1848 etter elva River Avon i Skottland. Familien Deans reiste sin bustad nær Avon River, der forstaden Riccarton no ligg.

Namnet vart offisielt endra til Avon River / Ōtakaro i samsvar med lova Ngai Tahu Claims Settlement Act 1998, ei av mange slike endringar etter overeinskomsten med iwien Ngāi Tahu[5].

Kommersiell punting i Christchurch.
Punting på Avon River.

Punting[endre | endre wikiteksten]

Kommersiell punting (båtturar i flatbotna prammar som vert staka fram) som turistattraksjon er tilgjengeleg på Avon River i sentrum av byen, i Hagley Park og i Mona Vale, ein park i Fendalton[6].

Jordskjelv[endre | endre wikiteksten]

Mykje av landområda langs Avon River nedstraums frå dei sentrale bydelane vart øydelagt i september 2010, i februar 2011 og i juni 2011, og er klassifisert som raud sone av Canterbury Earthquake Recovery Authority. Lokale interesser i byen driv lobbyverksemd for å få dei raude sonene gjort om til parkområde som bind dei sentrale bydelane saman med elvemunningen[7]. Kampanjen vert leia av ei gruppe kalla Avon-Otakaro Network (AvON), og som har fått støtte frå borgarmeister Bob Parker[8].

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Estuary, Christchurch City Libraries, New Zealand
  2. Ōtākaro, Christchurch City Libraries, New Zealand.
  3. Rev. John Dickson, History of the Presbyterian Church of New Zealand, Archive.org. ("Its native designation when they came and established themselves on its banks was Putare Kamutu. This they altered to Avon...")
  4. Early name for Avon, Te Ara, New Zealand
  5. Schedule 96 Alteration of place names. New Zealand Legislation. Vitja 30. januar 2012.
  6. Avon River Punting, New Zealand.
  7. «Support for Avon River reserve plan», The Press, 10 November 2011, http://www.stuff.co.nz/the-press/news/christchurch-earthquake-2011/5939401/Support-for-Avon-River-reserve-plan, henta 30. januar 2012 
  8. Mathewson, Nicole (1st December 2011), «Mayor backs Avon River Park Campaign», The Press: A7 


Avon River ved Victoria Square i Christchurch

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Avon River i Canterbury

Koordinatar: 43°31′41″ S 172°43′34″ E