Avosettfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avosettfamilien


Brunhovudavosett (i bakgrunnen)Australstylteløpar (i forgrunnen) J. G. Keulemans, 1888, Public domain
Brunhovudavosett (i bakgrunnen)
Australstylteløpar (i forgrunnen)
J. G. Keulemans, 1888, Public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Recurvirostridae
Vitskapleg namn
Recurvirostridae

Avosettfamilien er ni artar vadefuglar i ein biologisk familie Recurvirostridae. Familien samlar to distinkte undergrupper, avosettar og stylteløparar. Representantar finst på alle kontinent unntatt på Antarktis.

Stylteløpar, Himantopus himantopus
Foto: Shantanu Kuveskar

Alle artar i familien har lange, tynne bein, hals og nebb. Hos avosettar er nebbet bøygd oppover, høveleg til å feie frå side til side når dei søkjer føde i brakkvatn eller salt våtmark. Stylteløparar, derimot, har rettpeikande nebb. Framtærne har symjehud, berre dels hos dei fleste stylteløparar, fullt hos avosettar. Beltestylteløpar, som sym meir, har òg fullt utvaksen symjehud. Dei fleste av artane har kontrastrik fjørdrakt i svart og kvitt, somme artar har flekker av gulbrunt eller brunt på hovudet eller på brystet. Kjønna er like. Avosettar og stylteløparar varierer i lengd frå 30 til 46 centimeter, og i vekt frå 140 til 435 gram, hannfuglar er vanlegvis litt større enn hofuglar.

Lyden deira er vanlegvis «bjeff» i ei eller to stavingar.

Desse artane beitar på smådyr i vatn som blautdyr, saltsjøkreps og andre krepsdyr, insektlarver, leddormar, rumpetroll og småfisk.

Familien har ein kosmopolitisk distribusjon, dei førekjem òg på fleire oseaniske øyar. Somme artar er vidt spreidd, andre har berre lokal distribusjon. Ein art, svartstylteløparNew Zealand, er kritisk utrydningstrua på grunn av habitattap, introduserte rovdyr og hybridisering med arten avosett.

Avosettar og stylteløparar hekkar på open grunn nær vann, ofte i lause koloniar. De forsvarer territoriet sterkt med aggressive oppvisingar og mobbar inntrengjarar og moglege predatorar med mykje støy. Dei er monogame, men dannar nytt par den neste sesongen. Egga er lyse med mørke teikningar, veg 22 til 44 gram. Dei legg tre til fire egg i enkle reir, og begge foreldra deler på ruginga som varer i ein periode på 22 til 28 dagar. Beltestylteløpar kan hekke berre anna kvart år, som hekkar ved midlertidige innsjøar som oppstår på grunn av regn i ørkenen i Australia. Ungane er dunete og godt utvikla ved klekking, forlèt reiret innan ein dag; og er flygedyktige etter 28 til 35 dagar. Hos alle arter unntatt beltestylteløpar, tar foreldra omsut for ungane i fleire månader, kan flytte dei til nye område og forsvare territoriet der. Beltestylteløparar har fråvik frå dette mønsteret ved å samle ungane sine i enorme «barnehagar» på fleire hundre ungar.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Svartkronestylteløpar, Himantopus mexicanus
Foto: Frank Schulenburg

Stylteløparar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Himantopus

Slekt Cladorhynchus

Slekt Recurvirostra

  • Avosett, Recurvirostra avosetta, Pied Avocet, LC, Linné, 1758
  • Brunhovudavosett, Recurvirostra novaehollandiae, Red-necked Avocet, LC, Vieillot, 1816
  • Andesavosett, Recurvirostra andina, Andean Avocet, LC, Philippi & Landbeck, 1861
  • Amerikaavosett, Recurvirostra americana, American Avocet, LC, Gmelin, 1789

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]