Avshalomgrotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Avshalom naturreservat
מערת הנטיפים בשמורת אבשלום
grotte
Land  Israel
Distrikt Sentral
Stad I vestsida av Judeafjella, sør for Nahal Soreq og kring 2 km aust for Bet Shemesh.
 - koordinatar 31°45′21″N 35°01′24″E / 31.75583°N 35.02333°E / 31.75583; 35.02333
Lengd 83 m
Høgd 15 m
Areal km²
Styre Israel natur- og parktilsyn
Kart
Avshalomgrotta
31°45′21″N 35°01′24″E / 31.755833333333°N 35.023333333333°E / 31.755833333333; 35.023333333333
Wikimedia Commons: Soreq Cave

Avshalomgrotta (hebraisk מערת אבשלום), òg kalla Soreqgrotta eller Stalaktittgrotta (hebraisk מערת הנטיפים), er ei 5 000 m2 stor grotte på vestsida av Ye'ela, i Judeafjella i Israel, med mange stalaktittar.

Grotta vart oppdaga tilfeldig i mai 1968 medan ein nytta eksplosivar til å bryte stein, 3 km aust for Bet Shemesh i Israel. Grotta er 83 m lang, 60 m brei og 15 m høg.

Grotta er kalla opp etter Avshalom Shoham, ein israelsk soldat som mista livet i utmattingskrigen. Etter ho vart oppdaga vart plasseringa halden løynd i fleire år i frykt frå at ho skulle verte øydelagd.

Temperaturen og fukta i grotta er konstant året rundt og er i dag open for publikum i Avshalom naturreservat, som vart erklært i 1975.[1] I 2012 vart det installert lys i grotta for å hindre danning og vekst av algar.[2]

Somme av stalktittane i grotta er fire meter lange, og somme er så mykje som 300 000 år gamle. Somme møter stalagmittar og dannar steinsøyler.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 30. september 2014. 
  2. Sanders, Edmund (27. september 2014). «Israel's prehistoric Soreq Cave now a clean, eerily lighted place». Los Angeles Times. 

Gallery[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]