Avslutningsseremonien for sommar-OL 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beijing National Stadium.

Avslutningsseremonien for sommar-OL 2008 avslutta OL i Beijing 24. august 2008. Seremonien starta klokka 20:00 lokal tid (UTC +8) på Beijing National Stadium.

Den britiske songaren Leona Lewis og Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page opptredde på avslutningsseremonien for å markere overgangen frå Beijing til sommar-OL 2012 i London. I tillegg deltok verdas mest kjende fotballspelar, David Beckham.

Stefanie Sun, ei popstjerne frå Singapore, opptredde saman med den kinesiske songaren Wang Lee Hom. Han Hong opptredde og Jackie Chan tok også del i seremonien.

Eit viktig element av avslutningsseremonien var også den tradisjonelle flaggoverrekkinga. Beijings borgarmeister Guo Jinlong overrekte det olympiske flagget til borgarmeisteren i London, Boris Johnson, og ein fekk sjå eit bidrag frå den olympiske organisasjonskomitéen til London (LOCOG).

Tradisjonen tru blei også den olympiske elden sløkt. Dette skjedde i det norske Anders Nordøy Snellingen saman med ein afrikansk mann og ei rumensk kvinne stod på ei høg flytrapp og viste fram ein tradisjonell kinesisk rull med bilete frå alle dagane leikane varte. Dei same bileta blei vist fram på storskjermar på arenaen.