Avtalen om vern av albatrossar og petrellar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Populasjonen av svartbrynalbatross, ein av verdas mest talrike albatrossartar, har falle med meir enn 40 prosent dei siste 30 åra
Foto: Elizabeth Crapo of NOAA Corps

Avtalen om vern av albatrossar og petrellar, engelsk Agreement on the Conservation of Albatrosses and Petrels, (ACAP), på norsk òg kalla albatrossavtalen, er ein juridisk bindande internasjonal avtale inngått i 2001 og sett i verk den 1. februar 2004, då Sør-Afrika ratifiserte som den femte parten i avtala. Noreg gjekk med i avtalen frå februar 2007.[1]

Avtalen kom i stand for å stanse den drastiske nedgangen i stormfuglbestandar på den sørlege halvkula, særleg albatrossar, kjempepetrellar og petrellar i slekta Procellaria.

Albatrossar og petrellar er truga av introduserte artar på øyane der dei hekkar, av søppel og anna forureining, og dei blir tatt som bifangst i linefiske som drep meir enn 300 000 stormfuglar i året, og dessutan av trålfiske og garnfiske. Avtalen krev at tiltak blir sett i verk av styresmaktene hos partnarane for å redusere bifangst, ved bruk av mildnande tiltak, for å verne av hekkekoloniane og kontroll og fjerning av introduserte artar frå øyar der stormfuglane hekkar.

Førebels vernar avtalen alle albatrossartane i verda og dei sju sørlegaste petrellartane. Avtalen markerer den aukande internasjonalen engasjement for å verne albatrossar og petrellar, og er eit monaleg skritt vidare i kampen for å verne desse karismatiske sjøfuglane.

Landa som er partnarar i avtalen er Argentina, Australia, Brasil, Chile, Ecuador, Frankrike, New Zealand, Noreg, Peru, Sør-Afrika, Spania, Storbritannia og Uruguay.

Artar som vert omfatta av avtalen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Miljøverndepartementet, pressemelding 9. februar 2007, Norge tiltrer avtale om vern av sjøfugl i Antarktis Lest 3. juli 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]