Avvik i mekanikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Avvik får ein i mekanikk når ein lekam fell fritt. Det vil ikkje treffe bakken i eit punkt som ligg loddrett under utgangspunktet, men litt aust for dette. Lekamen deltar nemleg i jordrotasjonen. Før fallet har det større snøggleik frå vest mot aust enn jordoverflata rett under lekamen, fordi det er lenger frå omdreiingsaksen til jorda. Under fallet beheld lekamen denne snøggleiken og får derfor eit avvik mot aust. Avviket er størst ved ekvator og minkar til null ved polane. Det er påvist og målt ved forsøk og er eit bevis for jordrotasjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]