Axel Lindahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den svenske fotografen Axel Lindahl (1841-1906) portrettert på 1870-talet.
Gamle Breim kyrkje, 1880-åra

Axel Theodor Lindahl (fødd 27. juli 1841 i Mariestad, død 11. desember 1906) var ein svensk fotograf som i perioden 1883-89 arbeidde i Noreg. Han er særleg kjend for sine landskapsbilete.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lindahl var frå Mariestad i Västra Götalands län. Saman med broren Udo opna han fotoverkstad i Uddevalla i 1865; allereie året etter vart verk av han utstilt på museum. Kring 1867 flytta han verksemda si til Göteborg. Der tok han etter kvart til å interessere seg for landskapsfotografering. Til å byrje med konsentrerte han seg om den svenske vestkysten, før han flytta over grensa til Noreg. I 1883 selde han parten sin i foto-verksemda i Sverige. Frå då av var norske landskapsfotografi hans einaste forretningsfelt, i nært samarbeid med forleggaren Rich. Andvord.

Til skilnad frå mange samtidige naturfotografar, som la vekt på å syne det spektakulære i det norske landskapet, søkte Lindahl å vektlegge det harmoniske og estetiske i naturlandskapet.

Gjennom sine år i Noreg laga han 3 500 negativplater. Ein stor del av Lindahl-bilete frå Noreg vart overteke og innlemma i negativarkivet til den norske fotografen Anders Beer Wilse. Desse er del av Wilses fotoarkiv, som den norske staten kjøpte av private eigarar i 1991, og som i dag er å finne på Norsk Folkemuseum. Delar av fotografia hans er gjort tilgjengeleg på Galleri NOR.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Axel Lindahl

Kjelder[endre | endre wikiteksten]