Axel Oxenstierna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Axel Oxenstierna portrettert 1626 av Jacob Heinrich Elbfas.

Axel Oxenstierna (16. juni 158328. august 1654) var ein svensk greve og statsmann, rekna som Sveriges største statsmann i historia. Oxenstierna blei medlem av riksrådet 1609 og rikskanslar i 1612.

Axel Oxenstierna var son til riksrådet Gustaf Gabrielsson Oxenstierna (1551-97) og Barbro Bielke, og bror til Gabriel Gustafsson Oxenstierna (1587-1640). Han gifta seg med Anna BååtTidø i 1608.

Axel Oxenstierna blir betrakta som skaparen av det svenske Postverket i 1636 og han er den første svenske ikkje-kongen som har fått biletet sitt på eit svensk frimerke - 1936 i samband med Postverkets 300-årsjubileum. Vidare vart han første svenske, ikkje-kongelege person som vart portrettert på ein mynt, ein thalar mynta i Würzburg etter kung Gustav II Adolfs død 1632

Barn

  1. Kristina Oxenstierna (Axelsdotter) (1609-1631)
  2. Gustav Oxenstierna (Axelsson) (1609 - 1629)
  3. Johan Oxenstierna (Axelsson) (1612-1657)
  4. Birgitta (Brita) Oxenstierna (Axelsdotter) (1613 - 1617)
  5. Barbro Oxenstierna (Axelsdotter) (1615 - 1617)
  6. Åke Oxenstierna (Axelsson) (1616 - 1617)
  7. Katarina (Karin) Oxenstierna (Axelsdotter) (1617 - 1661)
  8. Erik Oxenstierna (Axelsson) (1624-1656)
  9. Gabriel Oxenstierna (Axelsson)
  10. Jakob Oxenstierna (Axelsson)
  11. Maria Oxenstierna (Axelsdotter)

Kuriosa[endre | endre wikiteksten]

Axel Oxenstierna skal ha sagt til sin son Johan, som før reisa til Münster tvila på evna si til å forhandle for Sverige i freden i Westfalen: An nescis, mi fili, quantila prudentia mundus regatur (Veit du ikkje, son min, med kor lite forstand verden blir styrt).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Axel Oxenstierna

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med Sverige å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.