Axis: Bold as Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Axis: Bold as Love
Studioalbum av The Jimi Hendrix Experience
Utgjeve 1. desember 1967 (UK)
15. januar 1968 (USA)
Innspelt Mai-juni, oktober 1967
Olympic Studios
(London)
Sjanger Psykedelisk rock, bluesrock, hard rock
Lengd 38:49
Selskap Track (mono & stereo)
Barclay (stereo)
Polydor (Europa - forskjellig stereomiks, andre stader berre stereo)
Reprise (mono & stereo)
MCA (stereo CD & mono LP)
Produsent Chas Chandler
Kritikk
The Jimi Hendrix Experience-kronologi
Are You Experienced
(1967)
Axis: Bold as Love Electric Ladyland
(1968)

Axis: Bold as Love er det andre studioalbumet av The Jimi Hendrix Experience. Etter press frå plateselskapet til å kome med ein oppfølgjar til debutalbumet Are You Experienced frå mai 1967, vart Axis: Bold as Love gjeven ut på Track Records i Storbritannia i desember 1967. Det nådde femteplassen i Storbritannia og seinare tredjeplassen i USA.[1]

Albumet vart spelt inn for å fullføre platekontrakten til bandet, som sa at dei måtte lage to album i 1967. Det vart likevel ikkje gjeve ut i USA før 1968 på grunn av frykt for at det ville forstyrre salet av det første albumet, som selde særs godt.[2] Bassist Noel Redding har sagt at dette var favorittalbumet hans av dei tre Experience-albuma. Han spelar sjølv åtte strengsbass på somme songar.[2]

Like før albumet var ferdig, la Hendrix att masterteipen til side 1 i ein taxi. Dei vart aldri funnen att, og A-sida måtte derfor miksast på nytt.[2]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Mange av songane på albumet vart komponerte med studioinnspelingsteknikkar i tankane, og som følgje av dette vart fleire av songane sjeldan spelt på konsertar. Berre «Spanish Castle Magic» og «Little Wing» vart spelt fast.[2] Teksten til «Spanish Castle Magic» var inspirert av The Spanish Castle, eit danselokakle i Des Moines i Washington nær Seattle der Hendrix jamma med lokale rockegrupper i high school-tida. På «Little Wing» speler Hendrix gitaren gjennom ein Leslie-høgtalar (roterande høgtalar som skapar ein skjelvande effekt, typisk brukt i elektriske orgel) for første gong.

Den første songen, «EXP», startar med nokre tonar frå «Stone Free» og består av ein samtale mellom Mitchell og Hendrix om UFOar, der Mitchell spelar ein radiovert og Hendrix eit romvesen forkledd som Mr. Paul Caruso. Stemma hans går gradvis langsamare før han tar av med romskipet sitt.

Songen «Little Miss Lover» var den første som inneheldt ein støtvis, dempa wah-wah-effekt - ein teknikk seinare nytta av mange andre gitaristar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Jimi Hendrix, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «EXP»   1:55
2. «Up from the Skies»   2:55
3. «Spanish Castle Magic»   3:00
4. «Wait Until Tomorrow»   3:00
5. «Ain't No Telling»   1:46
6. «Little Wing»   2:24
7. «If 6 Was 9»   5:32
Side to
# Tittel Lengd
8. «You Got Me Floatin'»   2:45
9. «Castles Made of Sand»   2:46
10. «She's So Fine» (Noel Redding) 2:37
11. «One Rainy Wish»   3:40
12. «Little Miss Lover»   2:20
13. «Bold as Love»   4:11

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Electric Gypsy av Harry Shapiro & Caesar Glebbeek
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Liner notes of the album, Alan Douglas supervised CD issue, released in 1993 (with a different cover)
  3. [1]