Aylsham

Koordinatar: 52°47′N 1°15′E / 52.783°N 1.250°E / 52.783; 1.250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aylsham

St Michael and All Angels-kyrkja
St Michael and All Angels-kyrkja
St Michael and All Angels-kyrkja
Plassering
Aylsham is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Norfolk
Distrikt Broadland
Grunnlagd ca. 500
Geografi
Flatevidd
 - By

17,52 km²
Innbyggjarar
 - By (2001)
   - folketettleik

6 000
  342,5 /km²
Koordinatar 52°47′N 1°15′E / 52.783°N 1.250°E / 52.783; 1.250
Diverse annan informasjon
Postnummer NR11
Telefon-retningsnummer 0 1263
Commons har multimedium som gjeld: Aylsham

Aylsham er ein marknadsby og eit verdsleg sokn ved elva Bure i Norfolk i England. Elva har utspringet sitt like ved byen, og sidan 1779 har det vore mogeleg å segle opp til Aylsham. Dette gjorde at ein kunne bringe korn, kol og tømmer opp elva, noko som førte til vekst i byen. Byen ligg i nasjonalparken The Broads.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aylsham vert rekna å ha blitt grunnlagd av ein angelsaksisk thane ved namn Aegal omkring år 500. Den er nemnd i Domesday Book (1086) som både Elesham og Ailesham, truleg avleidd frå Aegel's Ham, og hadde då omkring tusen innbyggjarar. Fram til 1400-talet var produksjon av lin og ullgarn ein viktig næringsveg, og Aylsham Web eller cloth of Aylsham vart levert til hoffet under Edvard II og Edvard III.

Frå 1372 var John av Gaunt Lord of the Manor, og Aylsham vart hovudbyen for hertugdømet Lancaster. John av Gaunt var truleg aldri sjølv i byen, men borgarane naut fleire privilegium, som fritak frå juryteneste utanfor området til herregarden og frå visse skattar.

I 1519 innvilga Henrik VIII ein vekentleg marknad på laurdagar, og ein årleg festival den 12. mars, dagen før festen for pave St. Gregor den store. Marknaden vart viktig for byen, og det oppstod ny næringsdrift som følgje av at bønder frå omeigna regelmessig kom inn til byen. Marknaden vert no halden to gonger i veka, samt at det er ein bondemarknad ein gong i månaden.

To av dei mest kjente borgarane i byen er minna med plakettar. På Barclay Bank-veggen, på Market Square, er det ein plakett for Christopher Layer, ein militant jakobitt som støtta prins Charles Edward Stuart. Han vart dømd for høgforræderi og hengd på Tyburn i 1723. Like ved er ein plakett for Joseph Thomas Clover, far for den moderne anestesien. Han vart fødd i eit husvære ved Market Square.

Ein av dei eldste bygningane i byen er Black Boys Inn, eit vertshus som har lege der sidan 1650-åra. Den noverande fasaden er frå omkring 1710–1720. Bygningen hadde stallar for kring førti hestar. I 1732 oppheldt Daniel Defoe seg i Aylsham, og budde på Black Boy Inn. Dagbokforfattaren Parson Woodforde åt der i 1781, og krigshelten Horatio Nelson skal ha dansa i fellesrommet under eit besøk hos fetteren sin som budde i byen.

Sir Humphrey Repton, landskapsarkitekt og målar, er gravlagt på St Michael's kyrkjegard. Akvarellane hans gjev gode bilete av marknaden på byrjinga av 1800-talet.

Det var ein periode to jernbanestasjonar i byen, men begge er nedlagde. Den eine tente Great Eastern Railway mellom County School og Wroxham, mens den andre tente Midland and Great Northern Joint Railway mellom Melton Constable og Great Yarmouth

Omkring to kilometer utanfor byen ligg Blickling Hall, eit jakobittisk teglhus som er eigd av National Trust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]