Ayn al-Bardah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ayn al-Bardah
عين الباردة
landsby
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Talkalakh
Nahiyah Al-Nasirah
Høgd 850 moh.
Koordinatar 34°47′N 36°16′E / 34.783°N 36.267°E / 34.783; 36.267
Tidssone EET (UTC+3)
Kart
Ayn al-Bardah
34°47′00″N 36°16′00″E / 34.783333333333°N 36.266666666667°E / 34.783333333333; 36.266666666667
Wikimedia Commons: Ayn al-Bardah
Nettstad: AinAlbardeh.com

Ayn al-Bardah (arabisk عين الباردة, ‘Ayn al-Bārdah, som tyder «kald kjelde») er ein gresk-ortodoks landsby i Syria, 55 km vest for Homs og 200 km nordvest for Damaskus. Han ligg i fjellet Sayeh, 850 meter over havet, oppom Den kristne dalen og med utsyn over Middelhavet.

Klima[endre | endre wikiteksten]

`Ayn al-Barda har middelhavsklima. Det snør i fjellsidene fleire gonger om vinteren.

Al-`Ayn (kjelda)

Hovudattraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange turistar stoppar i landsbyen på veg til den nærliggande borga Krak des Chevaliers. Dei flete av dei vitjar St. Elias-kyrkja i landsbyen. John Gardiner Kinnear skildra landsbyen på ei reise gjennom Midtausten i 1839:

Sist veke reid T—— og eg opp til ein vakker, einsam stad, kring tre eller fire timar frå Beyrout [sic]. Han er, som det arabiske namnet seier, ein fontene av deilig kald vatn, som renn i overflod frå klippene, og ut i eit basseng under skuggane av flotte johannesbrødtre. Det er ingen landsbyar i nærleiken, men innanfor kort avstand står ein eller to einsame hytter blant hagar av vindruer og morbær. Staden ligg heilt øvst i den oppdyrka delen av fjellet og nedanfor ligg hagar og furuskogar, og over ville klipper og furu skog, og over det ville klipper og kratt. Lufta er klår, kjølig og frisk etter den trykkande atmosfæren i Beyrout; og utsynet over dei lågare områda dekte med vindruer og oliven og mørk furuskog, til det vide blå Middelhavet, er eit av dei vakraste eg nokon gong har sett.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kinnear, Cairo, Petra, and Damascus in 1839: with Remarks on the Government of Mehmet Ali and on the Present Prospects of Syria, 294.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]