Aynsley Dunbar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aynsley Dunbar

Fødd10. januar 1946 (78 år)
FødestadLiverpool i England
FødenamnAynsley Thomas Dunbar
OpphavStorbritannia
Aktiv1961 til i dag
SjangerHardrock, bluesrock, progressiv rock, glamrock, jazz, blues, jazzfusion, heavy metal
Instrumenttrommer, perkusjon
Tilknytte artistarThe Jeff Beck Group, David Bowie, Frank Zappa, UFO, Whitesnake, Journey, Jefferson Starship, Lou Reed, John Mayall & the Bluesbreakers, Sammy Hagar, Jake E. Lee
Verka somMusikar, låtskrivar
Gift medWendy Walters

Aynsley Thomas Dunbar (fødd 10. januar 1946) er ein engelsk trommeslagar. Han har arbeidd med nokre av toppartistane i rocken, som John Mayall, Frank Zappa, Ian Hunter, Lou Reed, Jefferson Starship, Jeff Beck, David Bowie, Whitesnake, Sammy Hagar, UFO og Journey.[1] Dunbar er av Rolling Stone rangert som den 27. beste trommeslagaren gjennom tidene.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Dunbar vart fødd i Liverpool i England. Han prøvespelte for The Jimi Hendrix Experience og Hendrix hadde vanskar å velje mellom Dunbar og Mitch Mitchell, men det var sistnemnde som vann etter at Hendrix kasta mynt.

Dunbar leia Aynsley Dunbar Retaliation som gav ut fleire album. Dunbar var medlåtskrivar på «Warning», spelt inn av Black Sabbathdebutalbumet deira. Dunbar-versjonen vart spelt inn i 1967 for soloutgjevinga hans på The Aynsley Dunbar Retaliation.

Dunbar starta så eit kortvarig progrockband kalla Blue Whale, som debuterte med ein turne i Skandinavia i januar 1970. Etter at den opphavlege besetninga i King Crimson kollapsa, prøvde Dunbar utan hell å få tak i Robert Fripp som gitarist i Blue Whale. Fripp, prøvde så, òg han utan hell, å hyre Dunbar som den nye trommeslagaren i King Crimson.

Dunbar spelte seinare trommer for Frank Zappa sitt Mothers of Invention, og spelte på album som Waka/Jawaka og The Grand Wazoo, samt i filmen 200 Motels. I 1974 spelte han på filmmusikken til Dirty Duck, ein animasjonsfilm for vaksne av Chuck Swenson. Midt i 1970-åra spelte Dunbar trommer for tidlegare Grin-leiar, Nils Lofgren, før han vart med i Journey for dei første fire albuma deira. Han forlet dei og vart med i Jefferson Starship for tre album. I 1985 vart Dunbar med Whitesnake og spelte trommer albumet deira Whitesnake. Han har òg spelt trommer for Eric Burdon og The Animals.

I nyare tid har han spelt trommer på Jake E. Lee-albumet Retraced (2005).

Han har vore trommeslagar for World Classic Rockers sidan 2003.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Aynsley Dunbar Retaliation[endre | endre wikiteksten]

  • The Aynsley Dunbar Retaliation (1968)
  • Doctor Dunbar's Prescription (1969)
  • To Mum, From Aynsley & The Boys (1969)
  • Remains To Be Heard (1970)

Aynsley Dunbar[endre | endre wikiteksten]

  • Mutiny (2008)

Med Blue Whale[endre | endre wikiteksten]

  • Blue Whale (1971)

Med John Mayall & Bluesbreakers[endre | endre wikiteksten]

Med Frank Zappa[endre | endre wikiteksten]

Med David Bowie[endre | endre wikiteksten]

Med Lou Reed[endre | endre wikiteksten]

Med Mick Ronson[endre | endre wikiteksten]

Med Nils Lofgren[endre | endre wikiteksten]

Med Ian Hunter[endre | endre wikiteksten]

Med Paul Kantner[endre | endre wikiteksten]

Med Journey[endre | endre wikiteksten]

Med Sammy Hagar[endre | endre wikiteksten]

Med Jefferson Starship[endre | endre wikiteksten]

Med Whitesnake[endre | endre wikiteksten]

Med Ronnie Montrose[endre | endre wikiteksten]

Med UFO[endre | endre wikiteksten]

Med Jake E. Lee[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Huey, Steve. «Biography: Aynsley Dunbar». Allmusic. Henta 4. mai 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]