Ayrton Senna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ayrton Senna ved Imola 1989

Ayrton Senna da Silva (21. mars 19601. mai 1994) var ein brasiliansk formel 1-førar. Han vart verdsmeister tre gonger.

Senna debuterte i formel 1-sirkuset i 1984, og vart raskt kjend som ein av dei mest talentfulle førarane. Det fyrste løpet han vann var i Belgias Grand Prix i 1985. I 1988 gjekk han over frå Lotus-teamet til McLaren, der han vart lagkamerat (og bitter rival) med rådande verdsmeister Alain Prost.

Senna vann den fyrste verdsmeisterskapen i 1988. Året etter kom han på andreplass bak Prost, og forholdet mellom dei to var no så dårleg at Prost melde overgang til Ferrari – og rivaliseringa mellom dei to heldt fram. Senna vart verdsmeister i 1990 og 1991, mens Prost avslutta si F1-karriere med å bli verdsmeister i 1993.

I 1994 gjekk Senna over til Williams-teamet. Etter å ha fått ein dårleg start på 1994-sesongen, der den nye stjerna Michael Schumacher hadde vunne dei to fyrste løpa den sesongen, håpa Senna å finne tilbake til vinnarforma i San Marino Grand Prix på Imola-bana. I dette løpet mista Senna kontrollen over bilen, og krasja i ein vegg i over 300 km/t. Det var inga bergingsvon, og han vart meld død då han kom til sjukehuset.

Hendingane på Imola-bana førde til at FIA sette større fokus på tryggleik. I tillegg til at F1-sirkuset mista si kanskje største stjerne denne dagen, omkom òg den unge østerrikaren Roland Ratzenberger under kvalifiseringa dagen før. Ayrton Senna er den så langt den siste F1-føraren som er omkommen i eit løp.


Vinnarar av førarmeisterskapen i Formel 1

1950 G. Farina
1951 J. M. Fangio
1952 A. Ascari
1953 A. Ascari
1954 J. M. Fangio
1955 J. M. Fangio
1956 J. M. Fangio
1957 J. M. Fangio
1958 M. Hawthorn
1959 J. Brabham

1960 J. Brabham
1961 P. Hill
1962 G. Hill
1963 J. Clark
1964 J. Surtees
1965 J. Clark
1966 J. Brabham
1967 D. Hulme
1968 G. Hill
1969 J. Stewart

1970 J. Rindt
1971 J. Stewart
1972 E. Fittipaldi
1973 J. Stewart
1974 E. Fittipaldi
1975 N. Lauda
1976 J. Hunt
1977 N. Lauda
1978 M. Andretti
1979 J. Scheckter

1980 A. Jones
1981 N. Piquet
1982 K. Rosberg
1983 N. Piquet
1984 N. Lauda
1985 A. Prost
1986 A. Prost
1987 N. Piquet
1988 A. Senna
1989 A. Prost

1990 A. Senna
1991 A. Senna
1992 N. Mansell
1993 A. Prost
1994 M. Schumacher
1995 M. Schumacher
1996 D. Hill
1997 J. Villeneuve
1998 M. Häkkinen
1999 M. Häkkinen

2000 M. Schumacher
2001 M. Schumacher
2002 M. Schumacher
2003 M. Schumacher
2004 M. Schumacher
2005 F. Alonso
2006 F. Alonso
2007 K. Räikkönen
2008 L. Hamilton