Ayyám-i-há

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ayyám-i-há er eit tidsrom i bahaikalenderen som både verker som skotdagar og er ei høgtid for bahaiar. Dei fire eller fem skotdagane fell mellom den 18. og 19. månaden i bahaiåret og frå 26. februar til 1. mars i den gregorianske kalenderen, slik at dei to kalendrane alltid er synkroniserte.

Ayyám-i-há er farsi for 'há-dagane', der er ein arabisk bokstav som tilsvarer latinsk H. Bokstaven står for Gud som er større enn alle kjenneteikna sine – desse kjenneteikna har gjeve namn til dei 19 månadane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]