Azovhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°N 37°E
Azovhavet
hav
none  Azovhavet ved Novaja Jalta i Donetsk oblast
Azovhavet ved Novaja Jalta i Donetsk oblast
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina, Flag of Russia.svg Russland
tilsig Don og Kuban
koordinatar 46°N 37°E
Lengd 360 km
Breidde 180 km
Djupne m
 - Største djupne 14 m
Volum 290 m³
Areal 39 000 km²
Black Sea map.png
Det grunne Azovhavet skil seg klårt frå det djupare Svartehavet.

Azovhavet (russisk Азовское море - Azovskoje more; ukrainsk Азовське море - Azovske more, krimtatarsk Azaq deñizi) er det grunnaste havet i verda og er knytt til Svartehavet i sør via Kertsjsundet. Det grensar til Ukraina i nord, til Russland i aust og til Krimhalvøya i vest. Elva Don munnar ut i havet.

Det noverande namnet skal i følgje segna kome frå ein kumansk fyrste kalla Azum eller Asuf som mista livet då han forsvarte ein by i regionen i 1067. Dei fleste historikarar meiner at namnet kjem frå byen Azov, eller Azak, som tyder «låg» på tyrkisk, og som refererer til plasseringa.

Geologi og batymetri[endre | endre wikiteksten]

Havet er 340 km langt og 135 km breitt og har eit areal på 37 555 km². Dei største elvane som renn ut i Azovhavet er Don og Kuban. Dei gjer at havet har låg salinitet og er nesten heilt ferskt enkelte stader. Dei fører òg med seg store mengder avleiringar.I vest ligg den 110 km lange Arabattangen og dei særs salte myrete buktene i Sivasj.

Azovhavet er det grunnaste havet i verda med eit gjennomsnittleg djup på 13 meter og eit maksimalt djup på 15,3 meter. I områda der avleiringane har bygd seg opp, som i Taganrogbukta er djupeter mindre enn ein meter. Dei rådande havstraumane går mot klokka. Saliniteten varierer frå 1 til 15 promille (samanlikna med 30 til 40 for dei fleste andre hav) i forskjellige område av havet og til forskjellige tider på året.[1]

Det grunne havet og den låge saliniteten gjer at det kan fryse til om vinteren. Havisen kan stundom ligge på havet frå seint i desember til midten av mars. Dei siste åra har derimot klimaet vorte så varmt at det sjeldan legg seg is her. [2]

Hydrologi og hydrokjemi[endre | endre wikiteksten]

Det noverande vertikale vassprofilet i Azovhavet viser oksygenrikt vatn i overflata og oksygenfattig vatn ved botn. Det oksygenfattige laget er 0,5 til 4 meter tjukt. Det oksygenfattige laget kjem av eutrofiering i samband med avleiringane frå Don og Kuban. Dette stimulerer biotisk aktivitet i overflata med fotosyntese under aerobiske tilhøve. Det døde organiske stoffet søkk til botn av havet der bakteriar og mikroorganismar nyttar all tilgjengeleg oksygen og fortærer det organiske stoffet. [3].

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Historisk var Azovhavet rikt på liv med over 80 fiskeartar og 300 virvellause dyr. Men mangfaldet og mengda har vorte redusert av overfiske og forskjellig grad av forureining.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Teorien om Svartehavsflaumen daterer danninga av Azovhavet til 5600-talet fvt. og det er spor etter busetnader frå steinalderen som i dag er dekte av havet. I antikken vart det kalla Maeotianhavet (gresk Μαιῶτις λίμνη og latinsk Palus Maeotis), etter folket Maeotae som var busett aust for havet.

Flaumteorien[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Svartehavsflaumen.

I 1997 publiserte William Ryan og Walter Pitman frå Columbia University ein teori om at ein massiv flaum gjennom Bosporus skjedde ein gong i antikken. Dei hevdar at Svartehavet og Kaspihavet var to store ferskvassjøar, men rundt 5600 fvt. braut Middelhavet gjennom Bosporus og skapte Svartehavet slik det er i dag. Det er gjort mykje arbeid for å støtte og forkaste teorien og teorien er framleis omdiskutert. Teorien er òg knytt til ei mogeleg forklaring på Syndefloden.

Krimkrigen[endre | endre wikiteksten]

Fleire sjøslag mellom dei allierte marinane til Storbritannia og Frankrike mot Russland fann stad i Azovhavet mellom mai og november 1855.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Climatological Atlas over Azovhavet. Vitja 7. august 2008.
  2. Havis på Azovhavet - University of Wisconsin Space Science og Engineering Centre
  3. Debolskaja, E. I., E. V. Jakusjev, et al. (2008). "Analysis of the hydrophysical structure of thehavet of Azov in the period of the bottom anoxia development." Journal of Marine Systems 70(3-4): 300-307.
  4. Alien invaders in our seas Jessica Lindström Battle, WWF,Gland, Sveits, 02-14-2004. Vitja 7. august 2008]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]