Bård Breivik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bård Breivik
Fødd 23. november 1948 (65 år), Flag of Norway.svg Noreg Bergen
Yrke Kunstnar (bilethoggar)
Bård Breiviks installasjon på Tusenårsstaden Gulatinget
Torgallmenningen i Bergen. Bård Breivik har utforma søyler og glastak langs husa frå 1920-talet.

Bård Breivik (fødd 23. november 1948 i Bergen) er ein norsk bilethoggar og skulptør. Han vert rekna som ein føregangsmann innan konkrete objekt som skulptur.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han er utdanna frå Bergens Kunsthåndverksskole (1967-1970), og Central Saint Martins College of Art and Designs i London (1970-1971).

Breivik er ein av dei mest internasjonale og markante biletkunstnarane i Noreg. Han er oppteken av handverkstradisjonar og har opp gjennom åra, etter fleire reiser verda rundt, studert og brukt ulike handverksteknikkar i arbeida sine. Han har om lag 70 utstillingar over heile verda bak seg. Verka hans er innkjøpt av museum og samlingar i Norden, Vest-Europa og Nord-Amerika. Han har òg utført ei rekkje offentlege og private utsmykkingar. Eit større arbeid av Breivik i det offentlege er søylene på Torgallmenningen i Bergen. Han står òg bak utsmykkinga av Peter Egges plass i Trondheim, der mellom andre verka «Nålen», «Munken» og «Nonnen» inngår.

I tillegg har Breivik utforma Tusenårsstaden Gulatinget som er eit monument over tingstaden. Det består av «Tingveggen», «Tinghella» og «Eldsirkelen», og vart høgtideleg opna siste helga i august 2005.

Han har vore professor i skulptur ved Kunstakademiet i Stockholm 1982-85. Han bur og arbeider i Oslo, Sibbhult i Sverige, New York og i Xiamen i Kina.

Separatutstillingar, prosjekt (i utval)[endre | endre wikiteksten]

Gruppeutstillingar, prosjekt, festivalar (i utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Third Beijing Art Biennale (2008)
  • Blickachsen IV, Bad Homburg v.d. Höhe (2005)
  • Rikshospitalet, Oslo (1997)
  • La Hora del Norte, Nordisk samtidskunst, Madrid (1995)
  • Juxtaposition, Charlottenborg, København (1993)
  • Sao Paulo Biennale (1991)
  • Wanås Slottspark (1990)
  • Socrates Sculpture Garden, New York (1990)
  • Kulturlandskap Nordland, Narvik (1990)
  • Dörrie Priess Gallery, Hamburg (1990)
  • «Northlands» MOMA, Oxford Trinity College, Dublin (1990)
  • «Meeting in the North» Kunstnernes Hus, Oslo (1989)
  • Forum, Hamburg (1989)
  • «3 Contemporary Norwegian Artists» Centro Culturale Arte Contemporaneo, Mexico (1988)
  • «Scandinavia Today» Seibu Museum of Art, Tokyo (1987)
  • «Norealis» DAAD Galerie, Berlin (1987)
  • «Scandinavia Today» Seibu Museum of Art, Tokyo (1987)
  • «La Biennale di Venezia»- Norges representant (1986)
  • «Nordanad» Musée des Arts Decoratifs- Paris & Malmö Konsthall (1986)
  • «Sculpture Unbound», New York (1986)
  • «Art in Norway Today», London (1985)
  • «Kunst in Norwegen Heute» Neue Galerie Aachen (1985)
  • «Borealis 2: The Nordi Biennial» Henie-Onstad Kunstsenter, Høvikodden (1985)
  • «ARS '83» Athenaeums Konstmuseum, Helsingfors (1983)
  • «Sleeping Beauty: Scandinavian Art Now» Guggenheim Museum, New York (1982-1983)
  • «Materia/Minne» vandreutstilling Lund/ Helsingfors/ København/ Oslo (1981)
  • «Norwegische Kunst Heute» Kunsthalle zu Kiel (1981)
  • «LYN utstilling» Bergens kunstforening (1980)
  • «Shelter / Öga mot Öga» Liljevalchs Konstmuseum, Stockholm (1977)
  • «Ny Bergensskulptur» Oslo Kunstforening (1972)

Utsmykkingar[endre | endre wikiteksten]

Innkjøp[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]