Bård Finne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bård Finne
Personleg informasjon
Fullt namn Bård Finne
Fødd 13. februar 1995
Fødestad Bergen
Høgd 179 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
SK Brann
Ungdomsklubbar
Brann
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2012- Noreg SK Brann 16 (8)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. oktober 2012
‡ Landslagsmål oppdatert 1. september 2012

Bård Finne (fødd 13. februar 1995) er ein norsk fotballspelar som spelar for Vålerenga (2020).

Frå 1. januar 2014 spelte han for 1. FC Köln.

Bård Finne har tidlegare spelt på Brann si B-liste. B-lista er ei ordning for at spelarar som enno ikkje er profesjonelle fotballspelarar, kan få vera med å spela i tippeligakampar. Finne fekk i 2012 tilbod om å vera med i A-laget for SK Brann.[1] Han tok seg tid til å vurdera forslaget, men 5. september 2012 skreiv han under på ein Brann-kontrakt som varer ut 2013-sesongen.[2]

I kampen mot Rosenborg den 23. september 2012 leidde RBK 1-0 fram til 86. minutt, då Finne reduserte til 1-1. 3 minutt seinare skåra han 2-1 til Brann, som dermed vann kampen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brann.no, 31.08.12: Her er Branns B-liste, arkivert frå originalen 20. april 2013, henta 1. september 2012 
  2. Brann.no, 05.09.12: Finne har signert, arkivert frå originalen 6. oktober 2012, henta 5. september 2012 
  3. Altomfotball.no: Brann - Rosenborg, 23.09.12
Spire Denne fotballartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.