Båstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 56°26′00″N 12°50′00″E

Båstad sentrum

Båstad er ein svensk tettstad og centralort i Båstad kommun i Skåne län i landskapet Skåne. I 2005 hadde byen 4 793 innbyggjarar.

Båstad er mellom anna kjend for tennisturneringen Swedish Open.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Båstad, eller Botzstadaedae (Bådsted) tyder båtplass eller stad. Kjøpstaden voks fram under 1400-talet, og oppnådde kjøpstadsstatus i 1462. Fordi kong Christian I er ført opp som kjøpar av jorda i området, kan det tenkjast at han òg stod bak bygginga av byen.[1] Føremålet var å etablere eit kongeleg privilegert utskipingsstad for tømmer og tegl frå Skåne og det sørlege Halland.

Båstad var til og med ein storby etter målestokken på den tida, det vitnar den store Mariakyrkja om. Eit dokument frå 1523 som syner dei skånske byenes skattekapasitet, viser at Båstad og Helsingborg då var ca. like store og innleverte like mykje skatt.[1]

Aust for byen blei det oppført ein teglomn. Han blei omtalt i 1558 og var tilsynelatande ganske imponerande. Tegl derfrå blei levert til slottsbyggeri i hovudstaden København.[1]

Byen opplevde ei stordomstid under 1500-talet, men mista seinare sine kjøpstadsrettar. I 1664 fekk dog busetjarane rett til småhandel, halde gjestgjevari samt å drive visse former for handverk.

Den framragande botaniske forskaren og økonomiske tenkjaren Carl Adolph Agardh var fødd i Båstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Blom, K. Arne og Moen, Jan: Försvunna städer i Skåneland, Liber, 1983

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Båstad