Båtførarprøven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Båtførarprøven er ein frivillig teoretisk prøve i grunnleggande sjømannskap som viss ein består han gjev Båtførarbeviset. Dette gjev ingen formelle rettar, men enkelte forsikringsselskap gjev lågare premie på båtforsikring viss ein har teke prøven, og det kan tenkast at prøven blir obligatorisk i Noreg i framtida. Prøven kan takast ved skular eller på Internett. Sidan 2007 har det kosta 405 kroner å ta han, mot tidlegare 200.

Krav[endre | endre wikiteksten]

Pensumet til båtførarprøven inneheld mellom anna ei innføring i lanterner, sjømerke, sjøvegsreglane, nødprosedyrar, knopar og stikk, navigasjon og generelt sjømannsskap.

Til prøven skal kandidaten kunna

  • sjøkart og kartarbeid
    • kunna setja kurs, rekna ut fart, tid og distanse
    • ha god kunnskap om kartsymbol, merkesystem, fyr, lykter, kursar og kursrettingar.
  • lovar og reglar
    • ha kunnskap om lanterner, lydsignal og reglar om vikeplikt.
  • nødsignal
    • ha kunnskap om signal og flagg.
  • tryggleik
  • kjenna til kva utstyr ein skal ha om bord, nødprosedyre og VHF.
  • nødsituasjonar