Båtflyktning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Båtflyktningar frå Haiti.

Båtflyktning er eit omgrep for illegale immigrantar eller asylsøkjarar som emigrerer med båt eller flåte, ofte i gruppe og på svært sjøudyktige og usikre farkostar. Ordet kom i bruk kring 1979 for å skildre masseflukta frå Vietnam. Andre kjende døme på båtflyktningar er afrikanske borgarar som forsøkjer å kome seg til EU gjennom å krysse Middelhavet i båtar, flyktningar frå Cuba og Haiti som forsøkjer å ta sjøvegen til USA, og flyktningar frå Sri Lanka som forsøkjer å kome seg til Australia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]