Bærfuglfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bærfuglfamilien


Toxorhamphus poliopterus øvst og Arachnothera iliolophus er begge fuglar i bærfuglfamilien.
Toxorhamphus poliopterus øvst og Arachnothera iliolophus er begge fuglar i bærfuglfamilien.

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Melanocharitidae
Slekter

Bærfuglfamilien, vitskapleg namn Melanocharitidae, er ein liten biologisk familie av små sporvefuglar avgrensa til skogshabitat i Ny-Guinea. «Bærfugl» er òg fellesnemninga for dei seks artane i slekta Melanocharis. Dei fire resterande artane av Melanocharitidae har fellesnemninga «bogenebb» og er medlemmer i slekta Toxorhamphus.

I tillegg deler dei to artane i kongebærfuglfamilien Paramythiidae òg fellesnamnet «bærfugl».

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Melanocharitidae er små fuglar, varierande i lengd frå 7,5 til 15 cm. Bærfuglar i slekta Melanocharis er gjerne større enn bogenebb[1] som beitar på frukt og insekt og andre virvellause dyr.[1] Dei har nær fargelause fjørdrakter i grått, brunt eller svart og kvitt. Bærfuglar syner litt kjønnsdimorfisme i fjørdrakta. I tillegg viser viftebærfugl og stripebærfugl eit uvanleg kjenneteikn blant sporvefuglar med kjønnsdimorfisme i storleik der hofuglen er lengre og tyngre enn hannen.[2] Bærfuglar liknar trauste kortnebba honningetarar, og bogenebb kan minne om solfuglar eller korthala honningetarar.[1] Lætet frå bærfuglar har vore skildra som skarpt og svakt, og songen går snøgt.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Bærfuglar i slekta Melanocharis er generelt alpine artar, med berre eitt unntak, svartbærfugl lever i låglandsskog.[3] Derimot lever bogenebb i skogshabitat i låglandet og i lågtliggande fjellområde så vel som på små øyar rundt Ny-Guinea. Nokre artar av bærfuglar har differensiert seg på ulike høgder, med svartbærfugl i låglandet, blåryggbærfugl høgare opp og viftebærfugl opp mot skoggrensa.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Vanlegvis opptrer Melanocharitidae-artar åleine eller i par. Dei kan vere lauseleg knytte til blandaflokkar for søk av føde saman med andre artar.[2] Føda for artane i familien er dominert av bær og små frukter. Dei kan òg plukke leddyr frå blad, meir sjeldan ved å «stille» i lufta. Dei er svært aktive i søk etter føda, tar sjeldan pause om dei ikkje et bær. Dei fleste artane beitar i nedre og midtre nivå i skogen, men observasjonar tyder på at arfakbærfugl kan gå opp i trekronene for å søkje føde. Hannar av svartbærfugl vil òg gå inn i trekrona, medan hofuglar vil halde seg lågare nede, noko som tyder på ei viss grad av kjønnssegregering i fôringsnisjar.[2]

Ein kjenner lite til forplantingsbiologien for dei fleste artane, og for einskilde artar finst ingen nedteikna informasjon. Registreringar av reir er gjort i både våte og tørre årstider.[2] Dei byggjer koppforma reir,[1] vanlegvis på ei forgreining ut frå trestammen. Byggjematerialar er bregnar og plantefiber bunde fint saman med edderkoppvev og pynta med lav.[1] Lite er kjent om arbeidsdeling mellom kjønna, sjølv om mønstret kjent frå svartbærfugl, der hofuglen byggjer reiret sjølv, medan begge kjønna matar ungane, kan vere typisk for familien.[2] Dei legg eitt eller to egg.

Bærfuglar og bogenebb blir ikkje rekna å vere truga av menneskeleg aktivitet. Ingen artar er oppførte som truga av IUCN, sjølv om ein art, arfakbærfugl, er oppført i kategori 'datamangel'.[4] Arfakbærfugl er berre kjent frå to offisielt innsamla prøver, men ikkje-stadfesta rapportar tyder på at dei ikkje er uvanlege i fjerne delar av Ny-Guinea.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Familien var ein gong plassert inne i blomsterfuglfamilien Dicaeidae, og bogenebba vart ein gong tenkt å vere honningetarar, som dei liknar. I dag samlar bærfuglar 10 artar i to slekter etter Clementslista, det er bærfuglar i Melanocharis og bogenebb i slekta Toxorhamphus.

Melanocharitidae i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009 [5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [6]

Slekt Melanocharis

Slekt Toxorhamphus





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Kikkawa, Jiro (2003). «Flowerpeckers». I Christopher Perrins (Ed.). Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. ss. 584–585. ISBN 1-55297-777-3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Gregory, Phil (2008). «Family Melanocharitidae (Berrypeckers and Longbills)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Penduline-tits to Shrikes. Handbook of the Birds of the World. Band 13. Barcelona: Lynx edicions. ss. 322–338. ISBN 978-84-96553-45-3. 
  3. Beehler, B., Pratt, T. & Zimmerman, D. (1986) Birds of New Guinea Princeton University Press:Princeton, ISBN 0-691-02394-8
  4. BirdLife International (2008) Species factsheet: Melanocharis arfakiana. Lest 18. november 2010
  5. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bærfuglfamilien