Béarn

Koordinatar: 43°18′N 0°22′E / 43.300°N 0.367°E / 43.300; 0.367
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Béarn i Frankrike.
Flagget til Béarn.

Béarn er ein tidlegare provins i Frankrike. Han ligg søraust i landet, vest i Pyreneane og på sletta nedanfor. Béarn blei slått saman med dei tre baskiske provinsane Soule, Labourd og Basse-Navarre, og ein liten del av Gascogne, til departementet Pyrénées-Atlantiques.

Baskarar fekk herredøme over området på 500-talet. Béarn hadde sin eigen vicomte frå 819. I 1290 kom regionen under grevane av Foix. Med Henrik IV av Frankrike, som var fødd her, blei det i 1589 del av Frankrike. Hovudstadene for Béarn var Beneharnum (til 841), Morlaàs (frå ca. 1100), Orthez (frå andre halvdel av 1200-talet) og Pau (frå midten av 1400-talet).[1]

Frå 1290 tilhøyrde Béarn grevane av Foix gjennom giftarmål. På slutten av 1400-talet blei Béarn sameint med Navarra gjennom vicomte Gaston XII sitt giftarrmål med ei dotter av kong Johan II av Aragon og Navarra. Deretter tilhøyrde begge rika, Navarra og Béarn, huset Albret. Johanna d’Albret blei i 1548 gift med Anton av Bourbon, hertug av Vendôme og «første prins av blodet». Ho prøvde med alle middel, også med vald, å utrydda katolisismen i Béarn. Sonen Henrik II, som etterfølgde henne 1572, gjeninnførte katolisismen i 1599. Under sonen hans, Ludvig XIII av Frankrike, blei Béarn sameint med Frankrike.

Etter å ha vore ein fransk provins, blei størstedelen av Béarn del av Basses-Pyrénées. Ein liten del kom til å tilhøyra departementet Les Landes.

Béarn hadde ei slags forfatning med stenderforsamlingar frå 1100-talet og fram til 1789. Heilt fram til byrjinga av 1900-talet var fjellbøndene her nærast halvnomadiske. Flokkane deira av sauer og geiter blei drivne frå sommarbeite i fjellet til vinterbeite i låglandet.

Béarn har gjeve namn til sausen béarnaise.

Bilde frå Béarn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bidot-Germa, Grosclaude, Duchon, Histoire de Béarn, 1986
  • «Béarn» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 1. februar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Béarn
Spire Denne geografiartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

43°18′N 0°22′E / 43.300°N 0.367°E / 43.300; 0.367