Bös Fulen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Bös Fulen | |
| fjell | |
|
Bös Fulen, sett frå nord
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Glarus-Alpane |
| høgd | 2 802 moh |
| skardhøgd | 2 434 m ↓ →Glärnisch |
| koordinatar | |
Bös Fulen er ein 2 801 meter høg fjelltopp i kantonen Schwyz i det austlege, sentrale Sveits. Fjellet, som er det høgste i kantonen, ligg langs grensa mot kantonen Glarus. Fjelltoppen er vanskeleg å klive, og vert lite vitja. Langs fjellfoten ligg det store steinurder, etter stein som har rausa ut frå dei steile bergsidene.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bös Fulen» frå Wikipedia på tysk, den 19. august 2011.