Bøk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Bøk

Bøkeskog
Bøkeskog

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermae
Orden: Fagales
Familie: Fagaceae
Slekt: Fagus
Artar

Bøk (au skrive bok) er lauvtre frå slekta Fagus i bøkefamilien. Det finst ti artar i slekta, og av desse veks vanleg bøk (Fagus sylvatica) naturleg nokre få stader i Sør-Noreg. Elles vert fleire formar av bøk brukt i parkar.

Innhaldsliste

[endre] Skildring

Blada er læraktige og ovale med mørkegrøn overside. Dei kan ha takka eller glatte kantar. Blad og frø inneheld alkaloidet fagain.

Bøk kan danna vidstrakte skogar med tre på opptil 40 meter. Vanleg bøk kan bli 2–400 år gammal.

[endre] Bruk

Bøk gjev eit tungt trevyrke som gjerne synk i vatnet. Treet er verdifullt og blir særleg brukt til å laga parkett og møblar, men òg til ispinnar og kjøkenreiskapar.

Namnet på treslaget er nært i slekt med bok, og har truleg opphavleg vist til ei plate av bøketre der ein rissa inn runeteikn.

[endre] Bøk i Noreg

Bøk er det treslaget som innvandra sist til Noreg, for om lag 2 000 år sidan. Bøk er svært skuggetålande, og vil i delar av Vestfold, Telemark og Agder danna klimakssamfunn om skogen får skjøtta seg sjølv. Sjølv om det er i desse områda ein finn dei viktigaste bøkebestandane i Noreg, veks verdas nordlegaste bøkeskog i Lindås i Nordhordland.

Bøk er fylkesblomster i Vestfold.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Bøk

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Opprett ei bok