Bøkeskogen i Larvik

Koordinatar: 59°3′30.395″N 10°1′26.303″E / 59.05844306°N 10.02397306°E / 59.05844306; 10.02397306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bøkeskogen)

59°3′30.395″N 10°1′26.303″E / 59.05844306°N 10.02397306°E / 59.05844306; 10.02397306

Bøkeskogen i mai. Lauvet er enno ungt og lysegrønt.

Bøkeskogen i Larvik er det fyrste offentlege friområdet i landet, skjenkt i 1884 av godseigar Treschow til innbyggjarane i byen Larvik. Området blei i 1980 verna etter Naturvernlova som landskapsvernområde. Biologisk blir skogen klassifisert som smylebøkeskog.

Området ligg sentralt i Larvik, mellom bysentrum og E18, oppe på Raet. Det finst to felt med mindre gravhaugar frå jernalderen i området. Dei er ikkje arkeologisk utgravne.

Skogen blir eigd og driven av Statskog, som skøyter skogen som parkskog, dvs. at ein lèt trea oppnå ein så høg alder og så store dimensjonar som mogleg, og at ein held kontroll med forynginga for å halde ved lag ein etter måten open skog der det er mogleg å ferdast. I seinare år har ein sett åtak av bøkeullus, og ein har måtta ta ut ein del tre som det har gått bøkeullus i for å hindre smitte. Årleg blir det felt ca. 100m3, som for det meste går til ved.

Bøkeskogen har heilt sidan 1800-talet fungert som utfluktsstad for folk i byen, og har blitt mykje brukt til byfestar og markeringar. Det har gjennom åra eksistert ei rekkje severingsstader i Bøkeskogen. I dag finst det ein restaurant (Bøkekroa) og ei friluftsscene her. Larvik kommune har opparbeidt gangstigar i området.

Bøkeskogen er eit samlingspunkt for folk i Larvik på 17. mai.

Ei byste av forfattaren Sigurd Mathiesen, utført av Jens Munthe Svendsen, blei reist ved «Trappene» i Bøkeskogen i 1971, på dagen hundre år etter at forfattaren blei fødd.