Bøkfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 69°47′2″N 30°5′41″E

Kirkenes og Bøkfjorden. Hurtigruteskipet MS «Lyngen» ligg til kai.

Bøkfjorden (samisk Báhčaveaivuotna) er ein fjordarm av Varangerfjorden i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 22 km sørover til Elvenes og munningen til Pasvikelva i botn av fjorden og passerer Kirkenes, som ligg på vestsida, på vegen. Inn til botn av fjordarmen Langfjorden er han 33 km lang.

Fjorden har innløp mellom Transperskjeret på Kjelmøya i vest og Gråtaren i aust. Den ytste delen av fjorden går på austsida av Skogerøya. På søraustsida av Skogerøya går fjordarmen Korsfjorden sørvestover til Kirkenes lufthamn. På Skogerøya ligg óg dei små fjordarmane Krokfjorden og Sølferbotn. Reinøya er ei anna øy som ligg midt i fjorden søraust for Skogerfjorden. Søraust for Reinøya igjen ligg grenda Ropely.

Ved Kirkenes går Langfjorden sørvestover. Tvers over fjorden for Kirkenes ligg bygda Jakobsnes. Frå her går fjorden inn det siste stykket til Elvenes og Pasvikelva. Fv354 går langs austsida i den indre delen av fjorden.