Bøkkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørafrikansk bøkkar i arbeid.
Kuiperij Zuiderzeemuseum.jpg

Ein bøkkar er ein som lagar og tek vare på tønner. Dette var tidlegare eit vanleg handverk, men i takt med utviklinga av nye oppbevaringsmetodar blei det mindre etterspurnad etter tønner, og dermed færre bøkkarar.

Faget[endre | endre wikiteksten]

Ein bøkkar må kunne ta ut eigna material, bearbeida desse til tønnestavar og forma dei i ein stavkrakk. Stavane blir tilpassa, og deretter tetta med til dømes siv der det trengst. Deretter blir tønnebanda slått på plass med mokkar og sleggert.

I 1960-åra blei dei fleste tønnefabrikkane i Noreg nedlagde, og faget gjekk ut av lærlingordninga. Det trengst likevel fortsatt bøkkarar, særleg for vedlikehald og restaurering av ulike typar fat og tønner. Mellom anna er eikefat viktige for norsk akevittproduksjon. Vinmonopolet tok derfor initiativ til å få faget innført igjen i 1994. Utdanninga til dette yrket er i Noreg i dag to år på skole og to år i lære ute i bedrift.

På andre språk[endre | endre wikiteksten]

engelsk heiter bøkkar Cooper eller Couper og på nederlandsk Kuiper eller Kuijper. Dette er vanlege etternamn i desse språkområda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]