Bømlo kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Bømmeløy.
Bømlo kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1219
Fylke Hordaland
Adm.senter Svortland
Areal 247 km²
Folkemengd 11 638 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Odd Harald Hovland (Ap)
Målform Nynorsk
Nettstad www.bomlo.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1219.svg
Bømlo kommune på Commons
Siggjo, ein av mange turistattraksjonar på Bømlo.

Bømlo er ein kommune i Sunnhordland, sør i Hordaland fylke. Han ligg ut mot havet og Nordsjøen og femner om på lag 900 øyar og holmar. Mellom andre Bømlo, Goddo, Hiskjo, Espevær, Moster, Spissøy og Hespriholmen. Øyane i kommunen vert bundne saman av fleire bruer, til dømes Bømlabrua. Øyane i nord og i aust høyrer til kommunane Austevoll, Fitjar og Stord. Fastlandsområda på andre sida av Bømlafjorden i søraust høyrer til Sveio kommune.

I 1995 vart Bømlo kommune tillagt øyane Aga og Agasøster i aust og Gisøy og Vikøy i nord frå Fitjar kommune, då desse fekk brusamband med resten av Bømlo.

Det høgaste fjellet på Bømlo er Siggjo (474 moh.).

Trekantsambandet gjev Bømlo vegsamband til øya Stord og Sveio på fastlandet. Bygda Langevåg, på sørspissen av Bømlo, har ferjesamband til Buavåg i Sveio.

Namnet Bømlo kjem av norrønt Bymbil, som skal vera skyldt ordet «bembel», navle eller mage. I denne samanhengen er det venteleg meint i tyding tjukk, oppsvollen, som spelar på fjellformasjonen til Siggjo.


Historie[endre | endre wikiteksten]

Bømlo var ein kommune som vart oppretta i 1916, då Finnås kommune delte seg i kommunane Moster, Bømlo og Bremnes. I 1963 slo kommunane seg saman att, til Bømlo kommune.

Bømlo kommune frå 1916 til 1963 omfatta det området ein i dag kallar «Søra Bømlo».

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Det sit 27 representantar i kommunestyret. I perioden 2011-2015 er sju parti representerte:[2]

Odd Harald Hovland (Ap) er ordførar og Arnfinn Halderaker Husby (KrF) er varaordførar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Bømlo kommune frå 1920:

1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5][6][7] 1.1.1961[5][6][7] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
5936a 6373a 7433a 7745a 8104a 8276a 9258a 9727a 10839 11275
a Talet omfattar ikkje delar av Brandasund, Haslevik og Aga, som var del av Fitjar kommune, fram til dei vart overførte til Bømlo kommune i 1995. Desse områda hadde då 225 innbyggjarar.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire skular i kommunen. Svortland, Gilje, Meling, Folderøy, Våge og Espevær har 1.-7. klasse, medan Rubbestadneset, Moster og Hillestveit har 1.-10. klasse. Bremnes Ungdomsskule har elevar frå 8.-10. klasse og tek inn elevane frå alle skulane som ikkje har ungdomsskule, unnateke av Espevær som soknar til Hillestveit.

Det er 2 vidaregåande skular, Rubbestadnes Vidaregåande skule (tidlegare Rubbestadnes Yrkesskule) og Bømlo Vidaregåande skule.

Bømlo Folkehøgskule (tidlegare Olavsskulen) ligg på Finnås.

Grunna spreidd busetnad var det fleire skular tidlegare. Dei som sist vart lagde ned var Rolfsnes skule (sokna til Rubbestadneset), Håvik skule (sokna til Moster skule) og Erevik skule (sokna til Bremnes Ungdommskule). Tidelgare skulebygg vert brukte til grendahus og industri.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Bømlo er kjent for å ha eit rikt kulturliv med mykje teater, dans, sang og musikk.

Sogespelet Kristkongane på Moster (Mostraspelet) vert satt opp i den nedlagte kalkgruva som i dag utgjer Moster Amfi. Mostraspelet er eit sogespel i 3 akter skrive av Johannes Heggland, med musikk av Kjell Habbestad. Spelet handde urpremiere i Moster Amfi i 1984 og har vorte sat opp kvart år etter dette, i månadsskiftet mai/juli, med skuleframsyningar fredagen, premiere laurdagen og framsyning søndag. Antall framsyningar kvar dag har variert. Det var og nokre år satt opp nattframsyningar, med ekstra lys. Frå 2013 vert spelet oppsett annankvart år (neste gong i 2015).

Bømloteateret vart stifta i 1973 og har normalt satt opp ei teaterforestilling i året, i tillegg til å vera ambassadørar for kystkulturen. Bømlo Musikallaug vart stifta i 1999. Dei har satt nytta Moster Amfi som scene for dei store musikalane Jesus Christ Superstar, Les Misérables, Chess og Miss Saigon. I tillegg har dei satt opp mindre framsyningar. I 2011 slo Bømloteateret og Bømlo Musikallaug seg saman og danna Bømlo Teater som i 2014 kjem til å setja opp musikalen West Side Story i Moster Amfi.

Bømlo kulturskule driv musikalsk opplæring på strykeinstrument, gitar og piano. Gjennom skulekorpsa driv dei opplæring på messing- og treblåsinstrument. I tillegg har dei undervisning/grupper i dans, kunst og teater, og eigne tilrettelagte kunst- og musikkgrupper. Kulturskulen har flere oppsettningar i året med konsertar, danse- og teaterframsyningar og kunstutstillingar.


Det er 6 skulekorps og eit amatørkorps på øya, fordelt på 3 janitsjarkorps og 4 brass band. Rubbestadneset skulekorps, Steinsbø skulekorps og Bømlo Janitsjar har janitsjar besetning, medan Moster skulekorps, Våge skulemusikklag, Meling skulekorps og Hillestveit skulekorps har rein messingbesetning.


Bømlo kunstlag vart stifta i 1983 og arrangerar fleire utstillingar kvart år med lokale og eksterne kunstnarar. Bømlo kunstlag vart i 2013 kåra til Årets kunstlag av Norske Kunstforeninger.

Under og ved sida av kulturinstansane er det eit mylder av band, forfattarar, songarar og kunstnarar.

Aviser[endre | endre wikiteksten]

Lokalavis for Bømlo er Bømlo-nytt. Regionavisene Sunnhordland, Bergens Tidende og Haugesunds Avis dekkjer også Bømlo. Både Sunnhordland og Haugesunds Avis har eigen Bømlo-redaksjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Regjeringen: kommunevalg 2011 Bømlo
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengde på Moster 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengde på Bømlo 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. 7,0 7,1 Folkemengde i Bremnes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå