Børge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Børge og Berge er mannsnamn, av norrønt Byrgir, ei sideform til Birgir (sjå Birger), som tyder 'hjelpar'. Børre og Bjørge er andre former av namnet.
Børge har i Noreg namnedag 11. januar.
Innhaldsliste |
[endre] Bruken av namnet i Noreg
- I folketeljinga frå 1801 var det 101 som hadde namnet Børge, dei fleste budde på Vestlandet. Éin vart innskriven som Børrie. Namneforma Børger var òg bruka, men er ikkje telt med her.
- I 1900 var 77 listeførte med namnet Børge, flest i Møre og Romsdal og Rogaland. To vart innskrivne som Børje, begge i Telemark
- I 2008 har 1 880 menn Børge til første fornamn, 89 heiter Børje .
[endre] Kjende namneberarar
- Berge Furre (f. 1937), norsk politikar
- Dan Børge Akerø (f. 1951), norsk programleiar på fjernsyn
- Børge Ousland (f. 1962), norsk polfarar
- Berge Østenstad (f. 1964), norsk sjakkspelar
- Børge Brende (f. 1965), norsk politikar
[endre] Sjå òg
- Søk etter norsk namnestatistikk for Børge hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
[endre] Kjelder
- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991