Børsteflaggermus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Børsteflaggermus | ||
|
Status i verda: Børsteflaggermus Foto: Guido Gerding |
||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
| Underrekkje: | Virveldyr | |
| Klasse: | Pattedyr | |
| Orden: | Flaggermus | |
| Familie: | Glattnasefamilien | |
| Slekt: | Myotis | |
| Art: | M. nattereri | |
| Vitskapleg namn | ||
| Myotis nattereri
Kuhl, 1817
|
||
Børsteflaggermus, Myotis nattereri, er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Europa frå Portugal og Irland i vest til vestlege delar av Russland i aust, og frå Sør-Skandinavia i nord til Middelhavet i sør, dessutan i Marokko og Algerie.[1] I Noreg er arten funnen svært sjeldan. Vinteren 2009/10 vart eit eksemplar funne i ei gruve i Lunner. Det førre funnet var då i 1961, i Oslo. Arten er talrik i Sverige, men vandrar ikkje over store avstandar. Bestanden i Noreg er rekna å vera svært låg, og kritisk truga.[2]