Bøvågen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bøvågen er ei bygd i Radøy kommune i Hordaland, på nordvestsida av Radøy. Kommunesenteret Manger ligg om lag 10 kilometer sør for bygda. Bøvågen ligg 51 kilometer sjøveg og 58 km bilveg nordvest for sentrum i Bergen.

Hordabø kyrkje står nær sentrum av bygda. Bøvågen har butikk og post (postnummer 5937 Bøvågen), pleieheim, barneskule og barnehage, trevarehandel, samt litt industri, landbruk og havbruk.

Fram til 1963 høyrde Bøvågen til tidlegare Hordabø herad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. II. Bandet. 1950