Büyük Menderes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Büyük Menderes
elv
none  Meander
Meander
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Kjelde Dinar
Munning Egearhavet
Lengd 548 km

Büyük Menderes (tidlegare Maeander eller Meander, frå gammalgresk Μαίανδρος, Maíandros); tyrkisk Büyük Menderes Irmağı) er ei elv sørvest i Tyrkia. Ho spring ut vest i det sentrale Tyrkia nær Dinar før ho renn vestover gjennom Büyük Menderes graben og ut i Egearhavet i nærleiken av det som i antikken var den joniske byen Milet. Ordet meander, som vert nytta til å skildre ei elv med store, djupe svingar, er kalla opp etter elva.

Elva Maeander er omtalt i Iliaden av Homer i lag med Milet og Mykale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]