Bălțisteppa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bălţiplatået)
Bălțisteppa
slette
Land  Moldova
Kart
Bălțisteppa
47°46′00″N 27°50′00″E / 47.76666667°N 27.83333333°E / 47.76666667; 27.83333333

Bălțisteppa (rumensk Stepa Bălțiului) er ei vid trelaus slette nord i Moldova, Ho har namn etter byen Bălţi.

Ho dekkjer eit område på 1 920 km², der 2,7 % (51,1 km²) av ho er dekt av skog.[1] Sletta er dominert av gras og kratt med svart jordsmonn innimellom kalla svartjord. Det einaste skogområde ligg langs elvane Dnestr og Răut.

Steppa ligg mellom 150 og 200 meter over havet[2] og har ustabile årstider med generelt særs varme somrar og kalde vintrar.

400-talet fvt. vitja Herodotos området mellom dei to elvane Dnster og Prut og skildra det som «ei slette med djup svartjord, rik på gras og godt vatna». Naturressursane frå Bălțisteppa har alltid trekt til seg nomadar, som ofte har drive bort dei innfødde.

Arkeologiske funn på Bălțisteppa[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske utgravingar har gjeve spor etter tidlege busetjingar på Bălțisteppa så tidleg som frå steinalderen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Concept of National Ecological Network of the Republic of Moldova». Biotica Ecological Society. 2004. Henta 30. desember 2007. 
  2. «Balti steppe (steppe, Moldova)». Encyclopedia Britannica Online. 2007. Henta 31. desember 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]