Bărăgansletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bărăgansletta
slette
Land  Romania

Bărăgansletta (rumensk Câmpia Bărăganului) er ei slette sør i sentrale område av Romania og ein del av Den rumenske sletta. Ho ligg sør for elva Călmăţui, ei sideelv til Donau. Området er eit jordbruksområde som hovudsakleg vert nytta til dyrking av korn.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Bărăgansletta har varme og tørre somrar og varmerekorden for heile Romania (44,5 °C) vart sett ved Ion Sion på denne sletta. Vintrane er kalde og kan stundom verte råka av snøstormar kalla crivăţ. Dette har òg gjeve opphav til namnet på sletta, som kjem frå kumansk. Namnet tyder 'staden der snøstormen rasar'.

På grunn av klimaet er området rekna som ein av dei mest ugjestmilde områda i Romania og dei kommunistiske styresmaktene i Romania massedeporterte mange menneske her i 1950-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]