B-type-asteroide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå B-typeasteroide)

B-type-asteroidar er relativt uvanlege karbonhaldige asteroidar som passar in i den breiare C-gruppa. I asteroidepopulasjonen er det mange B-typar i det ytre hovudbeltet og dei dominerer Pallasfamilien som inkluderer den nest-største asteroiden, 2 Pallas. B-type-asteroidane er tenkte å vera primitive restar frå det tidlege solsystemet rike på flyktige stoff.

Karakteristikkar[endre | endre wikiteksten]

B-typen er generelt lik på C-typen, men er forskjellig ved at den ultrafiolette absorpsjonen ved bølgjelengder kortare enn 0,5 μm er liten eller ikkje tilstadeverande; og spekteret er meir blåleg enn raudt. Albedoen er også ofte høgare enn den til generelt veldig mørke C-typen. Spektroskopi av B-typar føreslår at overflata til desse asteroidane består av anhydrerte silikat, hydrerte leiremineral, organiske polymer, magnetitt og sulfid. Det næraste ein kjem B-type-asteroidar er karbonkondrittmeteorittar som forsiktig har blitt varma opp i laboratoriet.