B.J. Wilson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
B.J. Wilson

Fødd18. mars 1947
FødestadEdmonton i London i England
Død8. oktober 1990 (43 år)
DødsstadEugene i Oregon i USA
FødenamnBarrie James Wilson
OpphavStorbritannia
Aktiv1960-åra–1990
Instrumenttrommesett
Tilknytte artistarProcol Harum, The Paramounts
Verka somTrommeslagar

Barrie James «B.J.» Wilson (18. mars 19478. oktober 1990) var ein engelsk trommeslagar som mellom anna spelte i Procol Harum.

Wilson er mest kjend som trommeslagar for Procol Harum, men han spelte ikkje på den første hitten deira, «A Whiter Shade of Pale», men kom inn i gruppa kort tid etter. Sjølv om han ikkje er like kjend som andre store trommeslagarar i sin generasjon, vert han ofte trekt fram som ein av dei største i rockemusikken, og vart stemd fram som den beste trommeslagaren i dei populære musikkundersøkingane til Playboy tidleg i 1970-åra. Han avslo eit tilbod frå Jimmy Page og Robert Plant om å verte den første trommeslagaren i Led Zeppelin.

Etter Procol Harum vart oppløyst i 1977 spelte Wilson i lag med Frankie Miller og Joe Cocker. Han spelte òg trommer på Cocker-hitten «With a Little Help from My Friends» frå 1968. Andre artistar Wilson har spelt med er AC/DC og han spelte trommer på filmmusikkalbumet til The Rocky Horror Picture Show[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. cdconnection.com, arkivert frå originalen 29. september 2011, henta 4. oktober 2011