BBC Micro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
BBC Micro
BBC Micro
Type Heimedatamaskin
Utviklar Acorn Computers Ltd
Lansert 1981
Produksjonstopp 1986
Prosessor MOS Technology 6502
@ 2MHz
Minne 16KB-128KB
Operativsystem BBC MOS

BBC Microcomputer System eller BBC Micro, er ein heimedatamaskin som vart produsert av Acorn Computers Ltd for den britiske radio- og fjernsyn-kringkastaren BBC.

Tidleg på 1980 talet starta BBC eit prosjekt kalla "BBC Computer Literacy Project" som ei respons til ITV dokumentaren "The Mighty Micro" som spådde ei komande mikrodata revolusjon og verknaden den kom til å ha på økonomien, industrien og levestilen til britane.

BBC ville ha ei datamaskin som kunne utføre oppgåver som programmering, grafikk,lyd og musikk og diverse anna. Dermed gjekk ein ut til diverse britiske dataføretak, som Sinclair Research, Dragon Data og til sist Acorn Computers som alt jobba med ein ettertakar til Atom modellen deira, kjend som Proton. Prototypen som Acorn så viste fram til BBC var den einaste som nådde spesifikasjonane som BBC hadde sett. Dermed vart maskina lansert i 1981 som BBC Micro, og vart ei populær datamaskin i Storbritannia.

I 1986 kom Acorn med etterfølgjaren BBC Master.