BSD

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

BSD er ei populær nemning på ei rekkje frie og ufrie operativsystem. BSD står for Berkeley Software Distribution, og er ein versjon av Unix-kjeldekoden som vart utvikla ved det amerikanske Berkeley-universitetet i California. Sjølv om BSD-system held marginale brukarmassar på skrivebordsmarknaden, er dei mellom dei viktaste tenarsystema, og BSD-teknologi ligg under Mac OS X.

[endre] Variantar

Dei viktigaste frie BSD-variantane er FreeBSD, OpenBSD og NetBSD, som byggjer på versjon 4.4 av BSD-koden. Desse er sleppte under ISC- og BSD-lisensane, noko som tillèt dei som vil bruka kjeldekoden å gjera om lag kva dei vil, derimellom å lukka kjeldekoden til produkta som baserer seg på den lånte koden. Døme på at dette har vorte gjort, er TCP/IP-implementasjonen i Microsoft Windows-operativsystema, og delar av grunnsystemet til Mac OS X.

Sun Microsystems' operativsystem Solaris byggjer på versjon 4.3 av den opphavlege BSD-koden.

Apples operativsystem Mac OS X låner mange komponentar frå FreeBSD og 4.3-BSD, men kjerna i systemet er mikrokjerna XNU.

BSD/OS er ein kommersiell BSD-variant som ikkje vert utvikla lenger, men som er populær i tenarmarknaden.


Personlege verktøy