Baños

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rådhuset i Baños.
Foto: Martin Zeise, Berlin

Baños ['βa.ɲoz] eller Baños de Agua Santa (spansk: bada med heilagt vatn) er ein by i austre del av Tungurahuaprovinsen i det sentrale Ecuador. Han er òg senter i kantonen med same namn. Baños er den mest populære byen i provinsen etter hovudstaden Ambato og eit vesentleg senter for turisme i Ecuador, kjent som porten til Amazonas. Byen har ein folkesetnad på nesten 20 000 (i 2001).

Baños ligg på 1820 moh i den øvre del av den tronge Pastazadalen ved foten til den aktive vulkanen Tungurahua. Pastazaelva renn gjennom byen. Klimaet i området er subtropisk på denne høgda, her er og grønt grøderikt. Fleire fossar ligg kring byen, 17 kilometer aust for byen finn ein Rio Verde-fossen, El Pailón del Diablo.

I oktober 1999 vart heile folkesetnaden i byen og i dei næraste landsbyar evakuerte etter at aktivitet med utslepp av røyk og oske frå Tungurahua truga områda nær vulkanen. Vegane til byen vart stengte. Tre månader seinare var det framleis ikkje større materielle skader i byen og nokre av dei fastbuande i Baños vart utolmodige. Etter eit samanstøyt med militærtroppar i januar 2000 fekk dei første 3000 flytte tilbake til heimane sine. Vegen frå Ambato til Puyo gjennom Baños vart opna att. Han er seinare oppgradert til ein god standard.

Byen er eit romersk-katolsk religiøst senter, nokre katolikkar seier at jomfru Maria ein gong viste seg nær ein foss. Ein skulptur av jomfrua, Virgen de Agua Santa er sett inn i katedralen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Baños