Bačka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Bačka-området

Bačka (serbisk: Бачка, ungarsk: Bácska, kroatisk: Bačka, slovakisk: Báčka, ruthensk: Бачка, tysk: Batschka) er eit område på Den pannoniske sletta mellom elvane Donau og Tisa. Området er delt mellom Serbia og Ungarn, med ei lita lomme langs den venstre breidda av Donau som høyrer til Kroatia, men som har vore under serbisk kontroll sidan 1991.

Det meste av dette området dannar Vojvodina-regionen i Serbia. Novi Sad, hovudstaden i Vojvodina, ligg ved grensa mellom Bačka og Syrmia. I følgje ei folketeljing i 2002 i Serbia består folkesetnaden i Bačka av: serbarar (54,74 %), ungararar (21,70 %), i tillegg til slovakarar, kroatar, bunjevci, šokci, ruthinarar, montenegrinarar, jugoslavarar, sigøynarar og tyskarar. Det totale folketalet i den serbiske delen av Bačka er 1 022 524 (2002). Den mindre nordlege delen av Bačka ligg no i Bács-Kiskun fylke i Ungarn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjennom historia har Bačka vore ein del av Dakia, Hunarriket, Avar Khanate, Gepid kongedømet, Det første bulgarske riket, Kongedømet Ungarn, Det osmanske riket, Habsburgmonarkiet, Keisardømet Austerriket, Austerrike-Ungarn, Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar, Kongedømet Jugoslavia, Jugoslavia, Den føderale republikken Jugoslavia, Serbia og Montenegro, og sidan 2006 har det vore ein del av Serbia. Den mindre nordlege delen av har vore ein del av Ungarn sidan 1920.

Namnet Bačka har slavisk opphav, det det tyder land som høyrer til byen Bač. Ungararane har òg teke dette slaviske namnet for området. Menneske har halde seg i området i over 4000 år, sidan neolittisk tid. Dei tidlegaste historiske innbyggjarane i området var sannsynlegvis illyriske stammer.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Engelsk Wikipedia .