Baard Haugland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baard Haugland.

Baard Madsson Haugland (12. januar 18357. mai 1896) var ein handelsmann, ordførar, stortingsrepresentant og statsråd frå Stord.

Far til Haugland var gardbrukar på Haugland i Stord. Sjølv arbeidde han i ei handelsforretning i Bergen frå 1851 til 1862. Deretter slo Haugland seg ned på Stord der han var landhandlar fram til 1884. Han var ordførar i Stord 1864-83, og forlikskommissær i fleire år.

Haugland var stortingsmann for Søndre Bergenhus amt 1871-85. Frå 1884 representerte han det nystifta partiet Venstre. Han var medlem av bankkomiteen 1871-74, sekretær dei to siste sesjonane. Vidare var han 1874-79 og 1882 sekretær i næringskomite nr 1, 1883-84 formann i same. Elles medlem av valkomiteen 1877-84 og fullmaktskomiteen 1880-82, sekretær i sistnemnde 1883-84. I 1883 medlem av traktatkomiteen.

1877 var Haugland medlem av hamnekommisjonen, 1879 av leiglendingskommisjonen, og i 1882 av den parlamentariske jurykommisjonen. Under riksrettsaka 1883-84 mot Selmer-ministeriet var han med i aksjonskomiteen.

Haugland var finansminister i Sverdrup-regjeringa frå 1884 til 1888. Han har vorte omtala som «den første bonde i Kongens råd». 1888-89 var han medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm.

I 1892 vart Haugland på ny vald til Stortinget for Søndre Bergenhus. Grunna sjukdom møtte han ikkje 1892-93, i 1894 var han medlem av Lagtinget og av næringskomite nr 1. Han representerte då Venstre, medan han i perioden 1895-97 var medlem av Moderate Venstre, vald til same posisjonane som i den førre stortingsperioden.

Tollkasserar i Kristiansand frå 1893.

Hausten 1895 fekk Haugland plass i den fyrste Hagerup-regjeringa, der han fekk sitt virke i statsrådsavdelinga i Stockholm. Han døydde i Stockholm våren 1896, vart gravlagd på Vår Frelsers Gravlund i Oslo.

DS «Statsraad Haugland»[endre | endre wikiteksten]

'Søndre Bergenhus Dampskibsselskab' fekk 1. juni 1898 overlevert det nybygde lokalruteskipet DS «Statsraad Haugland», oppkalla etter Baard Haugland. Skipet gjekk i ulike ruter i Mid- og Sunnhordland, men selskapet måtte etter kort tid gje seg etter hard konkurranse med 'Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab'. Skipet vart vinteren 1899 seld til 'Det Stavangerske Dampskibsselskab'. som gav det namnet DS «Sand».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Baard Haugland