Babbacombe Lee av Fairport Convention

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Babbacombe Lee
Studioalbum av Fairport Convention
Innspelt August-September, 1971 i Sound Techniques i London
Sjanger Folkrock
Lengd 41:20
Selskap Island Records
Produsent John Wood & Simon Nicol
Kritikk
Fairport Convention-kronologi
Angel Delight
(1971)
Babbacombe Lee Rosie
(1973)

Babbacombe Lee er det sjuande albumet til det engelske folkrockbandet Fairport Convention, og kom ut i 1971. Det fortel soga om John «Babbacombe» Lee, ein mordar frå victoriatida, som sjølv om han vart dømd til døden vart benåda etter at galgen ved tre høve ikkje fungerte skikkeleg. Etter dei gode salstala til forgjengaren Angel Delight, selde dette albumet skuffande, sjølv om det fekk god kritikk. Albumet har sin plass i musikkhistoria som den første «folkrockeoperaen».

Konseptet[endre | endre wikiteksten]

Albumet er eit konseptalbum som følgjer livssoga til John «Babbacombe» Lee. Hendingane i livet hans er skildra i songane, frå han var gut til han vart dømd for mord, dømd til døden, og dødsdomen som aldri vart fullbyrda. Albumet skildrar korleis Lee gjekk inn i teneste hos ei Miss Keyes. Medan Lee var i hennar teneste vart ho myrda, og han vart skulda, stilt for retten og dømd til døden. Då styresmaktene prøvde å hengje han, oppstod det feil på galgen tre gonger, og han vart til slutt sleppt fri. Alle bortsett frå ein av songane er originale songar.

Dave Swarbrick har forklart at han laga konseptet etter å ha sett ei dokumentmappe med gamle avisartiklar om Lee hos ein skraphandlar. Mappa inneheldt John Lee sine eigne eksemplar av artiklane og vart signert og datert av han til 30. januar 1908.

Sidan soga er så pass komplett og strukturert, har Babbacombe Lee vorte kalla ein rockeopera, og sidan bandet spelte folkrock, vart det i tillegg kalla den første folkrockeoperaen.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Det originale albumet lista spora episodisk i staden for eigne spor, og synte til strukturen i forteljinga.

Alle songar er skrivne av Fairport Convention. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «John's reflection on his boyhood, his introduction to Miss Keyes and The Glen, his restlessness, and his struggles with his family, finally successful, to join the navy.»   06:19
2. «This was the happiest period in his life. All locked set fair for a career until he was stricken with sickness and invalided out of his chosen niche in life. Reluctantly and unhappily he turned to a number of menial occupations and finally returned to the services of Miss Keyes.»   10:12
3. «Tragedy now strikes hard. The world's imagination is caught by the brutal senseless[ness] of the apparent criminal who slays his kind old mistress.»   03:57
Side to
# Tittel Lengd
4. «John was hardly more than a bewildered observer at his own trial, not being allowed to say more than a few words. The tides of fate wash him to the condemned cell where he waits three sad weeks for his last night on earth.»   07:32
5. «When it comes, he cannot sleep, but when he does, a strange, prophetic dream comes to him, and helps him to bear the strain of his next day's ordeal as scaffold and its crew try in vain three times to take his life.»   13:20

Kvar av dei fem seksjonane består av fleire songar og delar av songar som ikkje vart oppført separat på det originale albumet.

Innhald på CD-utgåve frå 2004[endre | endre wikiteksten]

Seinare utgåver av albumet har ført opp kvar song som separate spor og kven som har skrive dei.

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «The Verdict» (lese av Philip Sterling-Wall)   0:28
2. «Little Did I Think»   Dave Swarbrick 02:19
3. «I Was Sixteen (Part 1)»   Simon Nicol, Dave Pegg 01:29
4. «John My Son»   Nicol, Pegg 00:44
5. «I Was Sixteen (Part 2)»   Nicol, Pegg 1:17
6. «St Ninian's Isle / Trompet Hornpipe»   Ronald Cooper / Trad. Arr. Swarbrick 01:14
7. «Sailor's Alphabet»   Trad. Arr. A.L. Lloyd 05:50
8. «John Lee»   Swarbrick 03:04
9. «Newspaper Reading»   Lese av A.L. Lloyd 00:46
10. «Breakfast In Mayfair»   Nicol 03:09
11. «Trial Song»   Swarbrick, Pegg 03:55
12. «Cell Song»   Swarbrick 03:35
13. «The Time Is Near»   Pegg 02:31
14. «Dream Song»   Swarbrick, Pegg 05:24
15. «Wake Up John (Hanging Song)»   Swarbrick, Pegg 05:25
Bonusspor på CD-utgåva
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
16. «Farewell To A Poor Man's Son»   Swarbrick 4:55
17. «Breakfast In Mayfair»   Nicol 3:59

Bonusspora vart innspelte seint i 1974 i samband med ein dokumentarfilm av BBC 2 om John Lee fortald av Melvyn Bragg. Programmet vart sendt i på BBC 2 i serien 2nd House som «The Man They Couldn't Hang - John Lee» den 1. februar 1975. Songane vart framført med andre bandmedlemmar enn på det originale albumet. Simon Nicol hadde slutta og tilbake var songaren Sandy Denny.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Laing, David; Robin Denselow, Robert Shelton (1975). The Elektrisk Muse. London: Eyre Methuen Ltd. s. 162. ISBN 0 413 31860 5.