Babia Góra

Koordinatar: 49°35′N 19°32′E / 49.583°N 19.533°E / 49.583; 19.533
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Babia Góra
fjell
Babia Góra sett frå vest i mai
Land  Polen,  Slovakia
Fjellkjede Żywiec-Beskidane, Oravské Beskydy, Karpatane
Høgd 1 725 moh.
Førstestiging 1782 av Bystrzycki
Koordinatar 49°35′N 19°32′E / 49.583°N 19.533°E / 49.583; 19.533
Kart
Babia Góra
49°34′23″N 19°31′50″E / 49.573055555556°N 19.530555555556°E / 49.573055555556; 19.530555555556
Wikimedia Commons: Babia Góra

Babia Góra (på polsk eller Babia horaslovakisk) er eit fjell vest i Beskidane på grensa mellom Slovakia og Polen. Diablak (Djeveltoppen) er det høgaste punktet på fjellet, og det høgaste punktet i denne delen av Karpatane, med ei høgd på 1725 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Babia Góra vart først nemnd på 1400-talet av Jan Długosz. Det vart først nedteikna på eit kart i 1558. Fram til slutten av 1600-talet kom det meste av informasjon om fjellet frå folkeminne. I følgje segnene var fjellet ein samlingsplass under sabbaten til heksene. Den første kjende klatringa vart gjort i 1782 av hoffastronomen til kong Stanislaw August Poniatowski, Jowin Fryderyk Bończa Bystrzycki. Perioden med vitskaplege utforskingar starta på andre halvdel av 1800-talet.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Steinar dekte av lav

Fjellet er langt brattare på nordsida enn sørsida. Av dyr finn ein bjørn, gaupe, ulv og andre artar i tillegg til unike fjellplanter. Dei første forsøka på å verne området vart gjort i 1930-åra. I 1933 vart naturreservatet Babia Góra oppretta. Seinare, i 1954 vart Babiogórski nasjonalpark (Babiogórski Park Narodowy) oppretta med eit areal på 17,04 km². I 1976 vart området det første biosfærereservatet i verda. Lenge var Babia Góra nasjonalpark den minste nasjonalparken i Polen. I 1997 vart det utvida til 33,92 km² og samstundes vart ein buffersone på 84,37 km² oppretta. 10,62 km² er strengt verna. I dag prøver ein i større grad å samarbeide med Slovakia for å verne området enno betre.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Babia Góra vert stundom kalla Matka Niepogód (Mor av dårleg vêr). Fjellet ligg langt frå like store fjell og er derfor svært utsett for vêrendringar. Snø kan ligge på nordsida av fjellet og i tronge dalar fram til sommaren.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turisme i regionen er noko som først har vokse fram dei siste åra. Dei første turistane på 1800-talet var hovudsakleg intellektuelle frå Kraków. Sidan den gong har landsbyen Zawoja utvikla seg til ein viktig ferieby. Det er derimot få skifasilitetar sidan området sidan området er strengt verna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Babia Góra
Spire Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.