Baby, Let Me Follow You Down

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Baby, Let Me Follow You Down» er ei tradisjonell folkevise gjort populær på slutten av 1950-åra av bluesgitaristen Eric Von Schmidt. Den mest kjende utgåva av songen er spelt av Bob Dylandebutalbumet hans.

Songen vart tilpassa av Eric Von Schmidt, ein bluesgitarist og låtskrivar i visemiljøet som dukka opp slutten av 1950-åra. Von Schmidt hadde først høyrt ein song av Blind Boy Fuller som heitte «Baby, Let Me Lay It On You».[1]

Den første kjende innspelinga, «Mama, Let Me Lay It On You», vart gjort av Walter Coleman i 1936, men Tony Russell hevdar at Memphis Minnie spelte inn ei utgåve av songen så tidleg som i 1930.[2] Tittelen vart endra til «Baby, Let Me follow You Down» rundt 1959 og vart ein song ein ofte høyrte i kafeane i Greenwich Village tidleg i 1960-åra. Songen vart sunge av lokale visesongarar som Dave Van Ronk. Songen vart seinare plukka opp og gjort kjend av den unge Bob Dylan, som spelte han inn for debutalbumet sitt.

Ei anna kjend innspeling vart gjort av The Animals i 1964, som endra tittelen til «Baby Let Me Take You Home».

Bryan Ferry spelte ei utgåve av songen på albumet sitt Dylanesque (2007).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. von Schmidt, Eric, with John Kruth: Remembering Reverend Gary Davis. Sing Out! 51(4) 67-73 2008
  2. Russell, Tony. "The Blues Collection, No. 52: Blind Boy Fuller," (s. 624) http://www.bobdylanroots.com/gdavis.html