Baby You’re a Rich Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baby You’re a Rich Man
singel av The Beatles
frå albumet Magical Mystery Tour
A-side «All You Need is Love»
Utgjeve 7. juli 1967
Innspelt Olympic Sound Studios
11. mai 1967
Sjanger Poprock, psykedelisk rock
Lengd 3:03
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«Strawberry Fields Forever» /«Penny Lane»
(1966)
Baby You’re a Rich Man «Hello Goodbye»
(1967)

«Baby, You’re a Rich Man» er ein song skriven av John Lennon og Paul McCartney, og spelt inn av The Beatles den 11. mai 1967 ved Olympic Sound Studios med hjelp frå lydteknikar Keith Grant. Dette var den første songen bandet spelte inn og miksa utan å nytte Abbey Road Studios.[1]

Songen starta som to forskjellige, uferdige songar. Versa er frå ein song kalla «One of the Beautiful People» av John Lennon, medan refrenget var Paul McCartney sin uferdige «Baby, you’re a rich man …». Dette vart gjort på liknande måte med songen «A Day in the Life».[2] Melodien i versa vart nytta i songen «Put a Little Love in Your Heart» av Jackie DeShannon.

Songen vart spelt inn under innspelinga av EPen Magical Mystery Tour, men vart først ikkje gjeve ut på denne doble EP-en. I USA vart Magical Mystery Tour gjeve ut som ein full LP med songar som tidlegare berre hadde vore på singel. Seinare vart denne LP-utgåva rekna som den offisielle utgåva, som mellom anna CD-utgåva er basert på.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Brian Jones (frå The Rolling Stones) vert stundom feilaktig rekna som personen som spelar Clavioline. Mick Jagger var til stades under innspelinga, og namnet hans står på boksen som inneheld lydbandet av opptaket, noko som kan tyde på at han kanskje song korvokal.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Mark Lewisohn, The Complete Beatles Recording Sessions, s. 111
  2. 2,0 2,1 Barry Miles, Many Years From Now, s. 370-371

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]