Bac Beag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bac Beag
Bac Beag og Bac Mòr
Bac Beag og Bac Mòr
Geografi
Bac Beag is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°27′4″ N 6°28′59″ WKoordinatar: 56°27′4″ N 6°28′59″ W
Øygruppe Treshnish Isles i Indre Hebridane
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Demografi
Folketal 0

Bac Beag er ei øy i Treshnish Isles i Indre Hebridane i Skottland. Namnet er skotsk-gælisk og har fleire tolkingar. Beag tyder «stor», medan Bac kan tyde «breidde» eller ei «hindring».

Øya ligg sør for Lunga og naboøya Bac Mor, og dei dannar den sørvestlege delen av øygruppa. I motsetnad til Bac Mòr er Bac Beag låg og relativt flat. Øya har vulkansk opphav.

Treshnish Isles sett frå Port Haunn på Mull. Dei næraste er Cairn na Burgh Beag og Cairn na Burgh Mòr. Bakom ligg den flate øya Fladda og den høgare Lunga, som skjuler Bac Mòr og Bac Beag bakom der att.

Som andre øyar i Treshnish Isles er Bac Beag utan busetnad og eigd av The Hebridean Trust. Treshnish Isles har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) og Special Protection Area (særskild verneområde) på grunn av sjøfuglane som hekkar her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]