Bachs juleoratorium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Juleoratoriet
BWV 248
Oratorium av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1734
Første framføring Jula 1734
Publiseringsdato 1856
Typisk lengd 131:12
Satsar 66

Bachs juleoratorium, ofte berre kalla «juleoratoriet» (tysk: Weihnachtsoratorium, BWV 248) er eit av de mest kjende og spelte sakrale verka av Johann Sebastian Bach, og også det mest kjende juleoratoriet. Det vart komponert mellom 1734 og 1735.

Juleoratoriet er ein syklus av seks kantatar for juletida, skrivne for kvar av det som då var helgedagane i jula: fyrste, andre og tredje juledag, nyårsdagen (Jesu namnedag og omskjering) , søndag etter nyår og heilage tre kongars dag, 6. januar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Juleoratoriet fortel om Jesu fødsel og fyste levedagar. «Presentasjonen av Jesus i templet». Målari av Giovanni Bellini (detalj), ca. 1459

Musikken i juleoratoriet er dels nykomponert, dels samansett av koralar og ariar Bach hadde komponert tidlegare. Opningskoralen «Jauchzet, frohlocket» er henta direkte frå opningskoret i lykkeønskingskantaten «Tönet, ihr Pauken! Erschallet, Trompeten!» som vart skriven i 1733 til fødselsdagen til Maria Josepha, kurfyrstinne av Sachsen og dronning av Polen. Talrike koraltekstar stammar frå den saksiske lutherske salmediktaren Paul Gerhardt (1607-1676). Dei nydikta ariane er rike på bilete, påvirka av salmediktinga i pietismen.

Opningskoret «Jauchzet, frohlocket» var opphavleg skrive som ei lykkeønsking til Maria Josepha, kurfyrstinne av Sachsen og dronning av Polen, under tittelen «Tönet, ihr Pauken! Erschallet, Trompeten!»

Oversikt[endre | endre wikiteksten]

Juleoratoriet er skrive over juleevangeliet, slik vi finn det i Evangeliet etter Lukas 2, 1-21 (1.-4. kantate), og historia om vismennene frå Austerland i Evangeliet etter Matteus 2, 1-12 (5. og 6. kantate).

Kvar kantate er samansett av korsatsar, ariar, resitativ og koralar. Resitativa er henta ordrett frå evangelieteksten, og vert framsagte av ein tenorsolist. Ariane er solistiske kommentarer til hendingane vi høyrer om i resativa, og korsatsane er arrangerte for kor og orkester. Koralene er tradisjonelle salmar i enkel firestemt korsats, som kyrkjelyden klan syngje med på.

Når juleoratoriet vert framførd som kyrkjekonsert, er det gjerne eit utval av dei seks delane som vert set saman til eit konsertprogram.

Del I: «Jauchzet, frohlocket» (første juledag)[endre | endre wikiteksten]

Den første kantaten byrjar med at koret syng med jubel om Jesu komme («Jauchzet, frohlocket»), orkesteret følgjer på med paukar og trompetar. I eit resitativ syng evangelisten om keisarbodet om at det skulle takast manntal over heile verda, og i ein arie syng han om brudgommen som skal komme. Kyrkjelyden svarar med koralen «Wie soll ich dich empfangen» av Paul Gerhardt, til tone av Hans Leo Haßler, i Noreg mest kjent brukt til salmen «Velt all dein veg og vande» («Velt alle dine veie»).

Del II: «Und es waren Hirten in derselben Gegend» (andre juledag)[endre | endre wikiteksten]

Den andre kantaten handlar om at gjetarane på Betlehemsmarka, og englehæren syng Ære vere Gud i det høgste.

Del III: «Herrscher des Himmels, erhöre das Lallen» (tredje juledag)[endre | endre wikiteksten]

Den tredje kantaten avsluttar julenattsoga. Gjetarane oppmodar kvarandre: «Lasset uns nun gehen gen Betlehem». Og dei finn Maria, Josef og barnet i krubba.

Del IV: «Fallt mit Danken, fallt mit Loben» (nyårsdagen)[endre | endre wikiteksten]

Den fjerde delen av juleoratoriet byrjar med eit kor som oppmuntrar til å takke Gud, fordi sonen hans vil bli til «Heiland und Erlöser». Evangelisten fortel om omskjeringa, og at den nyfødde får namnet Jesus .

Del V: «Ehre sei dir, Gott, gesungen» (søndag mellom nyår og heilage tre kongars dag)[endre | endre wikiteksten]

Evangelisten fortel korleis vismennene frå austerland spurde kong Herodes etter den «nyfødde jødekongen». Herodes får vite av prestane og dei skriftlærde at Jesus er fødd i Betlehem.

Del VI: «Herr, wenn die stolzen Feinde schnauben» (heilage tre kongars dag)[endre | endre wikiteksten]

Etter at koret skildrar korleis ein gjennom tru på Gud kan unngå fienden, bed Herodes vismennene om å leite etter barnet, slik at han òg kan tilbe det. Vismennene finn barnet i krubba og gjev det gode gåver. Gud fortel dei i ein draum at dei ikkje må gå til Herodes. Avslutningskoralen fortel at Kristus har overvunne «død, djevelen, synd og helvete».

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Johann Sebastian Bach ‚ Weinachts-Oratorium für Soli, Chor und Orchester BWV 248
  • Schweitzer, Albert: Johann Sebastian Bach. Wiesbaden 1979, ISBN 3-7651-0034-X
  • Loos, Helmut: Weihnachten in der Musik. 1992 Gudrun Schröder Verlag Bonn
  • Blankenburg, Walter: Das Weihnachtsoratorium von Johann Sebastian Bach. München 1982, ISBN 3-7618-4406-9
  • Walter, Meinrad: Johann Sebastian Bach: Weihnachtsoratorium. Bärenreiter 2006, ISBN 3-7618-1515-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]