Bachs påskeoratorium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Påskeoratoriet
Kommet, eilat und laufet
BWV 249
Oratorium av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1725
Urframføring1. april 1725
Publiseringsdato1874
Typisk lengd43:06
Satsar/akter13

Påskeoratoriet (tysk Oster-Oratorium), BWV 249, er eit oratorium av Johann Sebastian Bach, Kommt, eilet und laufet, først framført i Leipzig i 1725.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første utgåva av verket vart komponert som ein kantate for første påskedag i Leipzig den 1. april 1725, då under tittelen Kommt, gehet und eilet.[1] Han vart kalla eit «oratorium» og fekk den nye tittelen etter ei omarbeiding i 1735. I ei seinare utgåve i 1740-åra vart den tredje satsen utvida frå ein duett til ein firedelt koral.[1] Verket er basert på ein verdsleg kantate, den såkalla «Gjetarkantaten», Entfliehet, verschwindet, entweichet, ihr Sorgen, som no er tapt, bortsett frå teksten. Tekstforfattaren er Picander, som truleg òg skrive teksten til oratoriet. Verket opnar med to instrumentale satsar som truleg er teken frå ein konsert i Köthen-tida. Truleg er den tredje satsen basert på avsluttinga i konsertstykket.[1]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Oratoriet skil seg frå Bachs juleoratorium ved at det ikkje er ein forteljar, men fire karakterar til kvar av dei fire stemmene: Simon Peter (tenor) og apostelen Johannes (bass), som dukkar opp i den første duetten på veg til grava til Jesus, der han finn ho tom. Her møter han Maria Magdalena (alt) og «den andre Maria», Maria Kleofas (sopran). Koret var opphavleg berre med på den siste satsen, fram til framføringane i 1740-åra då opningsduetten delvis vart omskrive for fire stemmer. Musikken er instrumentert for høgtida med tre trompetar, pauker, to oboar, obo d’amore, fagott, to blokkfløyter, tverrfløyte, fiolinar og basso continuo.

No. Første linje
1 Sinfonia
2 Adagio
3 Arie-duett tenor, bass Kommt, eilet und laufet
4 Resitativ sopran, alt, tenor, bass O kalter Männer Sinn
5 Arie sopran Seele, deine Spezereien
6 Resitativ alt, tenor, bass Hier ist die Gruft
7 Arie tenor Sanfte soll mein Todeskummer
8 Resitativ sopran, alt Indessen seufzen wir
9 Arie alt Saget, saget mir geschwinde
10 Resitativ bass Wir sind erfreut
11 Koral SATB Preis und Dank

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Oratoriet opnar med to motsetjande instrumentale satsar, ein Allegro concerto grosso med fullt orkester og soloseksjonar for fiolin og oboar og ein Adagio obo-melodi over «Seufzer»-motiva (sukk) i strykarane.

Den første duetten til disiplane vart sett til koret i ei seinare utgåve, men den midtre delen vart verande ein duett.

Saget, saget mir geschwinde, arien til Maria Magdalena, er basert på teksten frå Høgsongen, der det vert spurt etter den elska, som ho utan er «ganz verwaiset und betrübt» (heilt foreldrelaus og einsam). Teksten liknar opninga på del to i Matteuspasjonen.

Den siste satsen i to motsetjande seksjonar liknar Sanctus komponert for jul 1724 og som seinare vart ein del av Messe i h-moll.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Dürr, Alfred. 1971. «Die Kantaten von Johann Sebastian Bach", Bärenreiter (tysk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]