Bad Kleinkirchheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Landsbyen Kleinkirchheim

Bad Kleinkirchheim er ein kommune i distriktet Spittal an der Drau i forbundslandet Kärnten i Austerrike. Kommunen, som er 74,01 km² i flatemål og har knapt 1700 ibuarar (2013), omfattar ni landsbyar, bygder og grender. Landsbyen Kleinkirchheim ligg 1087 moh.

Landbruk var hovudnæring til midt på 1900-talet. Sidan då ha turismen vokse til å verte den dominerande faktoren i økonomien. Den såkalla bad-turismen med vekt på frisk luft i fredelege omgjevnader har lange tradisjonar og er framleis stor, men sidan 1960-åra har Bad Kleinkirchheim også vorte eit kjent alpinsenter, der det fleire gongar har vorte arrangert renn i verdscupen i alpine greiner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]