Badajoz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Badajoz
Horisonten til Badajoz
Horisonten til Badajoz
Flagget til Badajoz Byvåpenet til Badajoz
Flagget til Badajoz Byvåpenet til Badajoz


Plassering
Badajoz is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Extremadura
Provins Badajoz
Grunnlagd 875
Borgarmeister Miguel Ángel Celdrán Matute
Geografi
Flatevidd
 - By

1 470 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

146 832
  99,9 /km²
Koordinatar 38°52′″N 6°58′″WKoordinatar: 38°52′″N 6°58′″W
Høgd over havet 184 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 06001 - 06012
Nettstad: www.aytobadajoz.es

Badajoz er provinshovudstaden i provinsen Badajoz i den autonome regionen Extremadura, like ved grensa til Portugal i Spania. Han ligg på venstre breidda av elva Guadiana og jernbanen til MadridLisboa. Byen har kring 150 000 innbyggjarar.

Badajoz er sete i eit bispedøme. Han ligg på ei lita høgd med ruinane av ei maurisk borg. Med ein sterk mur og bastionar, ei brei vollgrav og festningar på dei omliggande høgdene, ser byen sterk ut. Elva, som renn gjennom borgåsen og festninga San Cristobal, vert kryssa av ei flott granittbru frå 1460. Brua vart reparert i 1597 og gjenoppbygd i 1833. Heile Badajoz er prega av den stormfulle historia, og sjølv domkyrkja frå 1238 liknar ei festning med massive veggar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Alcazaba de Badajoz, vart bygd på 1100-talet.

Plasseringa til byen gjorde at det var mykje mellomhandel med Portugal. Andre industriar i byen var produksjon av lin, ull, lêrvarer og keramikk. Byen vart først viktig under maurarane. Han vart grunnlagd av den galiciske muslimen Ibn Marwan rundt 875 og etter 1022 vart han hovudstad i den vesle mauriske taifaen Badajoz. Portugisarane okkuperte byen ei kort stund i 1168. Byen var sjølvstendig fram til 1229 då han vart erobra av Alfonso IX av León. Han vart kjend som «Batlabus» og «Batalyos» under maurarane.

Som ein festningsby ved grensa vart han omleira mange gonger. Han vart kringsett av portugisarane i 1660, under den portugisiske restaurasjonskrigen, og i 1705 av dei allierte under den spanske arvefølgjekrigen. Under den spanske sjølvstendekrigen vart Badajoz utsett for to mislukka åtak frå franskmennene i 1808 og 1809; men 10. mars 1811 vart den spanske kommandanten José Imaz muta til å overgjev byen til dei franske styrkane under marskalk Soult. Ein britisk armé kommandert av marskalk Beresford prøvde å gjenerobre byen. 16. mai 1811 slo han ein styrke som kom til unnsetting ved Albuera, men omleiringa vart gjeven opp i juni same året.

Omleiringa av Badajoz. Akvarell en grisaille av Richard Caton Woodville Jr. (1856–1927).

I 1812 gjorde Arthur Wellesley (den framtidige hertug hertugen av Wellington) eit nytt forsøk på å ta Badajoz, som hadde ein fransk garnison på om lag 5000 mann. Omleiringa starta 16. mars og tidleg i april var det tre praktiske brot i muren der to soldatar kunne kome gjennom samstundes. Desse hola vart angripe av to britiske divisjonar den 6. april. Åtaka vart slått tilbake av franskmennene fleire gonger, men etter å ha mista 5000 mann klarte Wellington til slutt å erobra byen.

I august 1883 fann eit militært og republikansk opprør stad i byen, men det var fullstendig mislukka. Under den spanske borgarkrigen vart Badajoz erobra av nasjonalistane i slaget ved Badajoz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]